Fiskeforvaltning

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


07.06.2013

Frist for registrering av kilenot

For fiske med fastståande reiskap i den ordinære sesongen 2013 må melding om registrering vere motteke hos fylkesmannen seinast 24.06.2013.


06.06.2013

Sjølaksefiske ved utløpet av vassdrag

I fredingstida for det enkelte vassdraget er det forbode å fiske nærare utløpsosen enn 100 m. I fisketida (som gjeld for fiske etter sjøaure) er det berre tillate å fiske med stong eller handsnøre frå land eller båt. Fiske med fastståande reiskap er ulovleg.


04.03.2013

Framlegg til endring i fisketider for kilenotfiske


05.02.2013

Gyrobekjemping

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris (G. salaris) er ein alvorlig trussel mot norske laksebestandar. Mattilsynet har ansvaret for overvaking, førebygging og smittebegrensande tiltak. Miljødirektoratet har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tiltakshavar for bevaring og reetablering av fiskebestandane.