Fiskeforvaltning

Statsforvaltaren har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Statsforvaltaren samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Statsforvaltaren har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


27.07.2016

Sjølaksefiske i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal registrere dei som skal fiske i sjøen etter laks og sjøaure med fastståande reiskap. Du kan registrere deg direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/.
Innlogging i Lakseregisteret - sjølaksefiske skjer via ID-porten som er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester på nett.

 


22.07.2016

Lite fisk i flomelvane

Det har vore lite regn i vår og sommar. Difor har det vore svært lite vatn i dei elvane som ikkje blir forsynt av vatn frå snøsmeltinga i høgfjellet. Det har ført til at laks og sjøaure som er på veg mot elvane for å gyte har blitt ståande i fjorden. Dette har ført til eit aktivt fritidsfiske etter laks og søaure i sjøen.


09.02.2016

Regulering av fiske etter laks og sjøaure

Nye fisketider etter laks og sjøaure som skal gjelde frå 2016 er vedtekne både når det gjeld stangfiske i elvane og for sjølaksefiske.


09.02.2016

Nye fiskereglar vedtekne

Miljødirektoratet har fastsett reguleringa av fiske etter laks og sjøaure i vassdrag og i sjøen og som skal gjelde frå 2016.


09.11.2015

Arbeidet med sperra i Driva går nå inn i en aktiv fase

Hovedentreprisen er nylig lagt ut på anbud, med anbudsfrist 7. desember 2015.  Antatt byggestart av selve sperra er satt til 1. februar 2016, med ferdigstillelse 1. juli 2017.

Informasjon om Fiskesperre Driva, samt lenke til anbudsdokument på Doffin finner du  på informasjonssida om Drivaregionen.

Følg med på www.drivaregionen.no.


24.08.2015

Drivaregionen - informasjonsside

I dag slippes informasjonssida om drivaregionen www.drivaregionen.no.


04.04.2014

Fiskerettshavarar må organisere seg

Ny forskrift krev at fiskerettshavarane må organisere seg i eit felles lag.


20.03.2014

Fiskereglar etter laks og sjøaure i elv og sjø i Møre og Romsdal 2014

Miljødirektoratet har bestemt at reglane for fiske etter laks og sjøaure i 2014 vert dei same som i 2013 unntatt Åheimselva i Vanylven kommune.


27.08.2013

Dagsplan for rotenonaksjonen i Raumaregionen 2013

Dagsplanen som ligg på denne sida er til ei kvar tid oppdatert:   


19.07.2013

Regulering av laksefiske på Nordmøre

Miljødirektoratet tek dei låge laksefangstane på Nordmøre som eit teikn på at det kan bli for lite gytefisk i elvane til hausten. Dei har difor endra reglane for laksefiske for å redusere haustinga i siste del av sesongen. Tilsvarande reguleringar er gjort for Trondheimsfjorden, Nord-Troms og Fjordane i Vest-Finnmark.