Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. Statsforvaltaren si hovudoppgåve er å legge til rette og rettleie kommunane og næringa.

Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.

Dei viktigaste tenesteområda for Inn på tunet (IPT) er oppvekst og opplæring, arbeidstrening og rehabilitering, og helse og omsorg. IPT-garder kan også tilby tenester innan integrering, kriminalomsorg og førebygging. 

Statsforvaltaren sin rolle

Statsforvaltaren skal synleggjere Inn på tunet som aktuelt tiltak innanfor arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er av Landbruksdirektoratet tildelt eit pilotprosjekt i Inn på tunet løftet 2 for 2020 - 2022. Prosjektet skal kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet (IPT) -tenester, med spesielt fokus på vidaregåande elevar og ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.

Helsefremjande

Forsking viser at tidleg innsats og tilgang på alternative lærings- og omsorgstilbod kan gje helsefremjande effekt og redusert kjensle av einsemd, auka motivasjon og meistring, samt sosial og personleg utvikling for brukarane gjennom auka sosial kontakt, fysisk aktivitet og redusert stress.

Landbruket kan via IPT vere ein ressurs for kommunane og storsamfunnet innan arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet. IPT er blant anna nemnd som eit relevant tilbod i «Demensplan 2020» , i «Leve hele livet. Regjeringa sin strategi for god psykisk helse 2017-2022» og i "Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse (2019-2024)".  Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2018 revidert rettleiar for «Grønt arbeid», som er eit arbeidstilbod på gard i regi av NAV for menneske med psykiske og/eller rusrelaterte helseproblem.


09.03.2021

Ynskjer fleire ungdomar inn på gardstunet

Kva skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod? Det skal eit prosjekt leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sjå nærare på.


04.11.2020

Nye grupper skal inn på gardstunet

Pilotprosjektet «Inn på tunet-løft for Møre og Romsdal» skal leiast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. No skal nye brukargrupper oppleve helse, utvikling og trivsel på garder i fylket. 


02.12.2019

Gratis nettkurs om vertskapsrolle

Inn på tunet Buskerud og Vestfold inviterer til gratis nettkurs i vertskapsrolle for Inn på Tunet. Kurset går torsdag 5. desember kl 19:30 - 21:00.


26.11.2019

Filmar om Inn på tunet-tilbod

Inn på Tunet i Møre og Romsdal har laga ei rekkje kortfilmar om ulike tilbod av tenester, som Inn på Tunet kan tilby. Filmane gir ei særleg god beskriving av kva tilboda kan innehalde.


17.10.2019

Nettverkssamling Inn på tunet

Inn på tunet i Møre og Romsdal inviterer til nettverkssamling i Ålesund mandag 25. november. Etablerte og nye tilbydarar, kjøparar og samarbeidspartnarar er velkomne til eit interessant program.


12.12.2016

Landbruksnæringa kan verte ein viktig integreringsarena

I løpet av 2016 blir det busett nærare 900 personar i kommunane i Møre og Romsdal med bakgrunn som flyktning. Alle kommunane har svart ja på anmodinga om å busette  flyktningar og asylsøkjarar. Fylkesmannen inviterte torsdag 8 .desember 2016 til fagdag med tema "Landbruksnæringa som integreringsarena".


28.09.2016

Ta kurs, og bli godkjend "Inn på tunet-bonde"?

I Stranda skal det arrangerast kurs for "Inn på tunet"-bønder. Lurer du på korleis du skal kome i gong med prosessen? Er du allereie i gang, men har gått deg fast?  Då er dette kurset det rette for deg!


22.05.2015

Med meistring som ballast

Korleis kan landbruket, og kontakt med dyr og natur gje meistring og helsegevinst? Velkommen til stor konferanse i Stavanger 2.-3. november 2015.