Økonomi, kjennskap og tilgjengelegheit er utfordringar for «Inn på tunet» i vidaregåande opplæring

Foto: ScanStockPhoto.

Ei kartlegging hos dei vidaregåande skulane syner at mange opplever Inn på tunet (IPT) som dyrt og lite tilgjengeleg. Men dei skulane som nyttar seg av Inn på tunet-tenester har positive erfaringar og tilbakemeldingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2022

Oxford Research har på oppdrag frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kartlagt korleis Inn på tunet (IPT) vert brukt i vidaregåande opplæring. Mogelegheiter for auka bruk av tilbodet er også undersøkt.

Tilsette i skuleleiing, elevteneste, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og Oppfølgingstenesta har deltatt i kartlegginga. I alt er 15 av dei 20 vidaregåande skulane i fylket representert. Kartlegginga har vore gjennomført ved spørjeskjema og dybdeintervju.

Inn på tunet er lite brukt

Kartlegginga syner at IPT er lite brukt i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal. Vidare manglar fleire av skulane kjennskap til korleis tilbodet fungerer i praksis. Dette gjeld både mogelegheitene for individuell tilpassing til eleven sitt behov, og korleis tilbodet kan forankrast pedagogisk og fagleg i læreplanverket sitt kompetansemål.  

Knappe ressursar i skulen

Dei fleste skuleleiarane som er intervjua opplever IPT som eit dyrt tilbod. Skulen sine ressursar er knappe, og midlar til tilrettelegging skal fordelast på alle elevar med eit tilretteleggingsbehov. Geografisk avstand mellom den vidaregåande skulen og IPT-tilbydarane gjer at nokon ser på tilbodet som lite tilgjengeleg.

Positive erfaringar

Dei skulane som nyttar seg av IPT-tenester har positive erfaringar og tilbakemeldingar. Fleire informantar ynskjer å ta i bruk IPT, men peikar på at dette i stor grad kjem an på finansieringsmogelegheiter. I tillegg må skulane få informasjon og kunnskap om kva dette tilbodet kan gje eleven.

Tilrådingar i rapporten

Kartlegginga gjev fylgjande tilrådingar:

  • Systematisk arbeide med å auke kjennskapen til Inn på tunet.
  • Utrede mogelegheitene for å etablere ei finansieringsordning for bruk av alternative opplæringsarenaer.
  • Auke kunnskapen om måloppnåing og verknader ved bruk av alternative opplæringsarenaer.

Vidare arbeid

Som del av eit nasjonalt Inn på tunet-løft, vart Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt eit av fire pilotprosjekt av Landbruksdirektoratet hausten 2020. Vår pilot er retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finnast her: https://www.innpatunetloftet.no/nn/

Kartlegginga vil inngå i prosjektet si rapportering til Landbruksdirektoratet.