Inn på tunet

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje mestring, utvikling og trivsel. Statsforvaltaren si hovudoppgåve er å legge til rette og rettleie kommunane og næringa.

Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.

Dei viktigaste tenesteområda for Inn på tunet (IPT) er oppvekst og opplæring, arbeidstrening og rehabilitering, og helse og omsorg. IPT-garder kan også tilby tenester innan integrering, kriminalomsorg og førebygging. 

Statsforvaltaren sin rolle

Statsforvaltaren skal synleggjere Inn på tunet som aktuelt tiltak innanfor arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er av Landbruksdirektoratet tildelt eit pilotprosjekt i Inn på tunet løftet 2 for 2020 - 2022. Prosjektet skal kartlegge mogelege barrierar for val og kjøp av Inn på tunet (IPT) -tenester, med spesielt fokus på vidaregåande elevar og ungdom som har rett på vidaregåande opplæring.

Helsefremjande

Forsking viser at tidleg innsats og tilgang på alternative lærings- og omsorgstilbod kan gje helsefremjande effekt og redusert kjensle av einsemd, auka motivasjon og meistring, samt sosial og personleg utvikling for brukarane gjennom auka sosial kontakt, fysisk aktivitet og redusert stress.

Landbruket kan via IPT vere ein ressurs for kommunane og storsamfunnet innan arbeidet på helse-, omsorgs-, utdannings-, arbeids- og sosialområdet. IPT er blant anna nemnd som eit relevant tilbod i «Demensplan 2020» , i «Leve hele livet. Regjeringa sin strategi for god psykisk helse 2017-2022» og i "Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse (2019-2024)".  Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2018 revidert rettleiar for «Grønt arbeid», som er eit arbeidstilbod på gard i regi av NAV for menneske med psykiske og/eller rusrelaterte helseproblem.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 19.05.2022

Kva må til for auka bruk av Inn på tunet i vidaregåande opplæring?

Dette spørsmålet skal ei kartlegging hos dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal prøve å gje svar på.


Publisert 11.05.2022

Inn på tunet-veka (veke 45)

Sett av veke 45 til å lære av erfaringane frå Inn på tunet-løftet og arbeidet i dei utvalde pilotfylka.


Publisert 18.11.2021

Inn på tunet-skulen

Inn på tunet skulen (IPT-skolen) er eit gratis nettkurs. Det skal gi ei grunnleggjande forståing av kva Inn på tunet er. Du får og lære kva for moglegheiter som ligg i ei Inn på tunet-verksemd, og kva som er krava for å etablere verksemda.


Publisert 12.11.2021

Nytt e-læringskurs om demensomsorg for Inn på tunet-tilbydarar

Målet med e-læringskurset er at Inn på tunet-tilbydarar skal vere førebudd og ha en grunnleggande kompetanse om demensomsorg og vere attraktive leverandørar av teneste til kommunane. 


Publisert 09.08.2021

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har eit sterkt engasjement for Inn på tunet.

– Inn på tunet formidlar omsorg på ein litt annan måte, sa Bollestad under eit besøk på Bøen gard på Sunnmøre. Her fekk statsråden ei orientering om status for pilotprosjektet i Inn på tunet-løftet i Møre og Romsdal.


Publisert 09.08.2021

– Inn på tunet er eit viktig tilbod for å byggje heile folk

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad sette fokus på viktigheita av å ha Inn på tunet-tilbod, då ho nyleg besøkte Bøen Gard i Gjerdsvika i Sande.


Publisert 23.06.2021

Inn på tunet som alternativ opplæringsarena

Pilotprosjektet i «Inn på tunet-løftet» med fokus på vidaregåande skule har gjennom arbeidsverkstader denne våren sett nærare på kva som skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod


Publisert 21.05.2021

Kva skjer i Inn på tunet-løftet?

Dei fire nasjonale pilotprosjekta har gått saman om ei felles prosjektside.


Publisert 09.03.2021

Ynskjer fleire ungdomar inn på gardstunet

Kva skal til for at ungdomar kan nytte eit Inn på tunet-tilbod? Det skal eit prosjekt leia av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sjå nærare på.


Publisert 04.11.2020

Nye grupper skal inn på gardstunet

Pilotprosjektet «Inn på tunet-løft for Møre og Romsdal» skal leiast av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. No skal nye brukargrupper oppleve helse, utvikling og trivsel på garder i fylket.