Produksjonstilskot i jordbruket

Formålet med produksjonstilskot er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp" (jf. Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning. Tilskotet blir utrekna med ein sats per dyr eller dekar areal. 

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane:

  • Tilskot for husdyr
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Tilskot for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk landbruk

Desse pristilskotsordningane blir handterte på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden: 

  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker og salat på friland
  • Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Norge

Denne velferdsordninga blir handtert på same måten som produksjonstilskot, og det blir søkt i same søknaden:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Grunnlaget for kor store avløysarutgifter som kan bli refundert blir fastsett ut frå gjennomsnittet av tal dyr føretaket disponerer på teljedatoane 1. mars og 1. oktober. For sau (født i fjor eller tidlegare) og ammegeit er det tal dyr som føretaket disponerer 1. mars, som blir lagt til grunn for tilskotsgrunnlaget.

Snakk med din kommune, som behandlar og avgjer søknader om produksjonstilskot.


29.07.2016

No er det tid for å søkje produksjonstilskot

31.07.2016 blir det opna for å søkje produksjonstilskot. Det er ein fordel om du søkjer via internett. Informasjon om korleis kan du finne her. Frist er 20. 08.2016.


02.06.2016

Produksjonstilskot utbetalt

Produksjonstilskot til alle bønder som søkte om dette i januar 2016 er utbetalt 03.06. Hent tilskotsbrevet i altinn.no, og sjekk om utbetalinga er riktig.


31.05.2016

Produksjonstilskot – ny søknadsomgang i august

Vi er inne i ei travel årstid, der grunnlaget for kommande haust og vinter blir lagt. Midt i denne perioden er det ny søknadsomgang for produksjonstilskot. I augustomgangen er det dyretal, dyr på beite, areal og planteproduksjon som er søknadsgrunnlag.


10.02.2016

Produksjonstilskot utbetalt

Fredag 5. februar vart produksjonstilskot utbetalt til føretak som søkte per 20. august 2015.


13.07.2014

Høyring - ny forskrift om produksjonstilskot

Landbruks- og Matdepartementet har den 9, juli 2014 sendt ut ny forskrift om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie til høyring. Målet er eit enklare regelverk uten at formålet med tilskotsordningane blir endra. Høringsfristen er mandag 20. oktober 2014. 


13.07.2014

Ny søknadsrunde produksjonstilskot august 2014

Søknadsmateriellet til kommande søknadsomgang for produksjonstilskot er ferdig produsert og under utsending. Du kan laste ned det du treng frå Landbruksdirektoratet, og lenkene finn du her. Frå 31. juli kan du levere søknaden.


03.06.2014

Produksjonstilskot blir utbetalt

Onsdag 4. juni blir produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid betalt ut til alle som søkte om dette innan 20. januar 2014. 2281 av desse er i fylket vårt. Søkjarane vil normalt få pengane på konto innan fredag 6. juni.


07.02.2014

No kjem produksjonstilskotet du søkte på i august 2013

Innan fredag 7. februar vil produksjonstilskotet for søknadsomgangen august 2013 vere på konto til dei fleste bøndene over heile landet, 2717 av dei er i vårt fylke. Søkjarane vil få melding om utbetalinga i veke 6 og 7. Formålet med produksjonstilskotet er «å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp». Produksjonstilskotet er eit samlebegrep for fleire tilskotsordningar til husdyr, skjøtsel av kulturlandskap og til dyrking av ulike vekster, som grovfôr, korn, osv.