Sosiale tenester i NAV

Oppdatert 23.02.2024

Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Økonomisk sosialhjelp skal først og fremst vere ei mellombels yting, og meininga er at den som søkjer hjelp, skal bli i stand til å hjelpe seg sjølv etter kvart. Søknader om sosialhjelp skal sendast til Nav-kontoret i kommunen.

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels støtte som skal dekkje nødvendige utgifter til å leve og bu. Før du kan få sosialhjelp må du utnytte moglegheitene dine til å forsørgje deg sjølv. Det kan til dømes vere arbeid, andre inntekter eller eigne midlar. Dersom du treng hjelp til å finne ut kva moglegheiter du har, kan du kontakte Nav for å få råd og rettleiing. 

Hovudansvaret for sosialtenesta ligg i kommunane, og det er Nav-kontora som tek hand om kommunens oppgåver på dette området. Det er rettleiande retningslinjer for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men kommunane har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.

Dei rettleiande satsane i dei statlege retningslinjene omfattar utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i dei rettleiande satsane sidan dette er utgifter som varierer mykje. Nav skal ikkje ta omsyn til om familien har barnetrygd når dei vurderer søknader frå familiar med barn.

Du kan klage

Dersom du søkjer om sosialhjelp og får avslag frå Nav, kan du klage på vedtaket. Dersom Nav er samd i klagen din, vil dei endre avgjerda og ta kontakt med deg for å gi deg hjelpa du har rett på. Dersom Nav er usamd i klagen din, sender Nav klagen din vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og svarer deg med eit brev.

Statsforvaltaren har også eit tilsynsansvar som gir rett og plikt til å føre tilsyn med om kommunen oppfyller pliktene sine etter kapittel 4 i lov om sosiale tenester i Nav. Kapittel 4 regulerer dei individuelle tenestene i lova, blant anna økonomisk stønad.

Gjeldsrådgiving

Kommunen skal tilby innbyggjarane sine økonomisk rådgiving eller gjeldsrådgiving i tråd med lov om sosiale tenester. Denne rådgivingstenesta er som regel eit tilbod ved det lokale Nav-kontoret. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar blant anna å gi opplærings- og kurstilbod til dei tilsette som jobbar med dette i kommunen.

Vis meir

knapp for pamelding


Publisert 19.07.2023

Prosjekt som har mottatt tilskot til utviklng av dei sosiale tenestene i NAV i 2023

Arbeids -og velferdsdirektoratet har laga ei samla oversikt over tiltak/prosjekt i heile landet som har fått innvilga tilskot til ulike prosjekt. 


Publisert 09.06.2023

Ny bustadsosial lov frå 1. juli

Lova skal førebygge bustadsosiale utfordringar. Den skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får bistand til å skaffe seg og behalde ein bustad.


Publisert 05.01.2023

Informasjon om kommunale sosiale tenester

Det er ved årsskiftet sendt ut informasjon frå Arbeids og inkluderingsdepartemnentet som er viktig for arbeidet med dei sosiale tenestene i kommunane. 


Publisert 23.12.2022

Ny rettleiar for økonomisk sosialhjelp

Dagens situasjon med auka levekostnader og fleire flyktningar som skal busettast i kommunene, har ført til at talet på søknader om sosialhjelp har auka det siste året. Arbeids og velferdsdirektoratet har no utarbeida ein ny rettleiar for økonomisk sosialhjelp.


Publisert 30.06.2022

Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret

Kommunar/Nav-kontor i Møre og Romsdal med tilskot i 2022.


Publisert 15.12.2021

«Hei, og velkommen til Nav! Gjelder det økonomisk sosialhjelp, midlertidig bolig eller andre sosiale tjenester, tast 1»

Helsetilsynet avsluttar i desse dagar eit toårig nasjonal undersøking om tilgjengelege sosiale tenester i NAV. Som eit ledd i dette arbeidet la Helsetilsynet fram ein rapport i samband med si undersøking av NAV Kontaktsenter 2020-2021.


Publisert 15.06.2020

Tilråding om opning av NAV-kontor

Koronapandemien har ført til at dei fleste Nav-kontor har vore heilt eller delvis stengt for oppmøte dei siste tre månadene. Fylkesmannen og meiner at kommunane no må opne Nav-kontora.


Publisert 24.03.2020

Koronavirus – rettleiar for behandling av saker om økonomisk stønad under pandemien

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Fylkesmannen i Trøndelag har i samarbeid utarbeida ein rettleiar for handsaming av saker om økonomisk stønad i unntakstilstanden som skuldas koronavirus


Publisert 20.03.2020

Kommunane må framleis sørge for dei sosiale tenestene i NAV

Fleire NAV-kontor i Møre og Romsdal stenger no for besøk frå publikum for å redusere risikoen for spreiing av koronavirus. På same tid får kontora svært mange førespurnader frå personar som er permitterte eller treng anna oppfølging retta mot å komme i arbeid.


Publisert 03.01.2019

Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet

Endringar i sosialtenestelova om kvalifiseringsprogrammet blei vedtatt i Stortinget 14. desember 2018 og trådde er i kraft 1. januar 2019. Endringane gjeld inngangsvilkår, varigheit og innhald i kvalifiseringsprogrammet.