Ny rettleiar for økonomisk sosialhjelp

Dagens situasjon med auka levekostnader og fleire flyktningar som skal busettast i kommunene, har ført til at talet på søknader om sosialhjelp har auka det siste året. Arbeids og velferdsdirektoratet har no utarbeida ein ny rettleiar for økonomisk sosialhjelp.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2022

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein eigen rettleiar for økonomisk sosialhjelp med utgangspunkt i dagens situasjon med stadig auke i levekostnadane. Mange ukrainske flyktningar kjem til Norge og det kan og forklare mykje av auken. Det viser nye tal fra NAV. 

Formålet med rettleiaren er å:

  • gjere det store handlingsrommet sosialtenestelova gir kommunane synleg 
  • gi NAV-kontora eit praktisk hjelpemiddel for å kunne bruke skjønn og gjere nødvendige konkrete og individuelle vurderingar

Arbeids- og velferdsdirektoratet sine anbefalingar i rettleiaren ligg innanfor dagens regelverk og er i tråd med alminneleg vurdering av forsvarligheit.

Utover det som kjem fram av rettleiaren, viser vi til rundskriv til lov om sosiale tjenester hovednr. 35, for mer utfyllande rettleiing.

Den nye rettleiaren ligg til høgre på denne sida.