Digitale førelesingar til støtte i fagfornyinga

Digitale førelesingar og refleksjonsoppgåver skal støtte tilsette ved skulane i Møre og Romsdal i fagfornyinga.
Digitale førelesingar og refleksjonsoppgåver skal støtte tilsette ved skulane i Møre og Romsdal i fagfornyinga. Foto: Scanstockphoto/SFMR.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal støtte skulane i fylket i arbeidet med fagfornyinga. Det gjer vi digitalt, i samarbeid med tre utdanningsinstitusjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2021

Statsforvaltaren skal gi støtte til implementeringa av fagfornyinga. Dette gjer vi blant anna gjennom digitale førelesingar og refleksjonsoppgåver som tilsette ved skulane i Møre og Romsdal kan nytte i si utviklingstid.

Vi har inngått eit samarbeid med tre utdanningsinstitusjonar, Høgskulen i Volda, Senter for samarbeidslæring for bærekraftig utvikling (CCL, Høgskolen i Innlandet) og Universitetet i Sørøst-Norge. Desse tek føre seg kvart sitt av dei tre tverrfaglege tema i fagfornyinga:

Vi oppfordrar skulane til å sette av nok tid til refleksjonsarbeid, utprøving og erfaringsutveksling. Det kan vere avgjerande for at skulane oppnår god og varig praksisendring, og ei god implementering.

Dei digitale førelesingane blir lagt ut her så snart dei er ferdigproduserte.

Folkehelse og livsmeistring

v/ Aud Helene Kjæret, universitetslektor ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Filmen tek utgangspunkt i naturfaget. Den synleggjer korleis verdiar og tema knytt til folkehelse og livsmeistring er integrert i læreplanane i dette einskilde faget, men har også overføringsverdi til fleire andre fag. Kjæret belyser vidare folkehelse og livsmeistring i eit tverrfagleg perspektiv.

 

Demokrati og medborgarskap

v/  Martin Sjøen, førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet

Fem videoførelesingar med tilhøyrande oppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap i skulen.

 

Berekraftig utvikling

Seks filmar med tilhøyrande refleksjonsoppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i Berekraftig utvikling.  

Senter for samarbeidslæring for bærekraftig utvikling (CCL) har i oppdrag frå Statsforvaltaren utvikla refleksjonsoppgåver for skulane i Møre og Romsdal til støtte i arbeidet med temaet. Refleksjonsoppgåvene er knytt til seks filmar som CCL har produsert, og som er direkte knytt til temaet.