Demokrati og medborgarskap i skulen

Foto: Pixabay.com.

Fem videoførelesingar med tilhøyrande oppgåver gir støtte til lokal kompetanseutvikling i det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap i skulen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2021

Fagtilbodet har som mål å støtte kommunane og skulane i si vidareutvikling av kunnskap og kompetanse om skulen sitt samansette demokratiske oppdrag, hovudsakleg ved å styrke forståinga kring samanhengar mellom medborgarskap i teori og praksis.

Videoførelesing og oppgåver

Kompetanseutviklingsmodulane er laga i eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda. Førelesar er Martin Sjøen, førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han jobbar også som lærarutdannar ved Høgskulen i Volda.

Kvar av dei fem modulane i kompetanseutviklinga inneheld ei videoførelesing. Modulane vil bli publisert med jamne mellomrom fram mot sommaren. Kvar video vert supplert med fag- og populærfagleg litteratur, samt oppgåver eller case som ein kan jobbe med individuelt eller i grupper. Der det fell naturleg vert det nytta ulike undervisningsressursar, til dømes frå nettstader som DEMBRA, Global og NDLA til modulane.

For grunnskule og vidaregåande skule

Kompetanseutviklingstilbodet rettar seg både mot grunnopplæringa og vidaregåande opplæring. Førelesingane inneheld både teori og praktisk-pedagogisk kunnskap. Demokrati og medborgarskap rører ved omfattande lærings-, sosialiserings- og danningsspørsmål i skulen. Desse spørsmåla lar seg vanskeleg operasjonalisere ned til «enkle» eller universelle metodar og strategiar i klasserommet. Auka kunnskap om samanhengar mellom demokratisk danning kan gjennom pedagogisk teori og praksis gi lærarar eit større omgrepsapparat og handlingsrom i lærarkvardagen.

Kompetanseutviklingstilbodet søker også å gi støtte til å setje ord på dei handlingane ein bevisst og ubevisst utfører i sine praksisar, noko som også bør vere anerkjent som eit viktig kompetansehevingstiltak i skulen.

Kontakt

Martin Sjøen ønsker at lærarar og skuleeigarar kan ha innverknad på innhald, form og formål i kompetanseutviklingstilbodet. For spørsmål eller innspel kontakt martin.sjoen@hvl.no

Modul 1:
Ein introduksjon til demokrati og medborgarskap

Innhaldet i første videoførelesing er retta mot Fagfornyinga og det tverrfaglege temaet Demokrati og medborgarskap. Her vert sentrale omgrep presentert og vidare vert  bakgrunnen for det tverrfaglege temaet i Fagfornyinga utdjupa, kva som blir venta av skulen som utdannar av unge medborgarar, og korleis dette kan verte tolka og handtert i praksis.  

Modul 2: 
Demokrati og medborgarskap i historisk og notidig lys

Innhaldet i denne videoførelesinga er retta mot demokrati og medborgarskap som historisk og kontemporært tema i norsk skule. Førelesar trekker opp ei historisk linje for å illustrere korleis opplæringa sitt demokratiske oppdrag har lange røter i norsk skule. Samtidig vert eit demokratisk grunnlagsproblem intodusert: Korleis opplæringa må balansere mellom legitimering av demokratiet rundt oss, så vel som å representere eit kritisk korrektiv til samfunnet vi lever i. 

 

Modul 3: 
Medborgarskap mellom legitimering og kritikk

I denne modulen ser vi nærmare på omgrepet "kritisk tenking". Fokuset i videoførelesinga vert retta mot kritisk tenking på litt ulike nivå: Korleis kan vi forstå kritisk tenking som ein særskilt dugleik? Kva er kritikken si rolle i eit demokratisk samfunn? Nokre kritiske innvendingar mot skulen sitt demokratiske oppdrag vert og presentert. Videoførelesinga vert avslutta med nokre føresetnader for demokratisk praksis i skulen, før det vert presentert refleksjonsspørsmål knytt til kritisk tenking i læreplanverket.

 

Modul 4: Praktisk arbeid med medborgarskap i opplæringa

I denne modulen skal vi sjå nærare på praktiske prinsipp for arbeid med medborgarskap i opplæringa. Fokuset vil både vere retta mot generelle prinsipp som kan seiast å omfatte fleire fag, samt at vi skal rette søkelyset mot eit tema som for førelesaren står fram som eitt av dei viktigaste og mest utfordrande i arbeidet med medborgarskap i praksis: Korleis ein kan møte kontroversielle tema i undervisninga.

Det finst i dag eit stort utval ressursar, undervisningsøkter og støtte til undervisning på nettsidene til blant anna Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme (Dembra), Nasjonal digital læringsarena (NDLA), Utdanningsdirektoratet og FN-sambandet. Førelesinga blir ikkje nytta til å gå igjennom desse, men lærarar, lærarstudentar, skuleleiarar og andre skuletilsette må sjølv vurdere kvaliteten og relevansen på ulike undervisningsressursar.

På slutten av videoførelesinga blir det likevel gjort greie for Dembra, som har ei sentral rolle i dagens skule og utdanning. Ettersom denne modulen inneheld lenker til ei rekke nettressursar som krev tid til orientering, har ikkje denne modulen eigne refleksjonsoppgåver.

 

Modul 5: Globalt medborgarskap i opplæringa

I denne femte modulen skal vi løfte fokuset noko opp frå lokale og nasjonale forhold til å fokusere på medborgarskap som eit globalt prosjekt. Mange av problemstillingane som vi menneske står overfor i dag, er globale av natur, enten vi tenker klima, miljø, fattigdom, befolkningsvekst, migrasjon, væpna konflikt eller pandemisituasjon. Med dette vert det også identifisert eit behov for å kople det lokale og nære med det globale og fjerne i opplæringa.

Videoførelesinga i denne modulen har som formål å vise fram det solidariske idealet som er nærliggande globalt medborgarskap i opplæringa. Førelesinga vil mellom anna gjere greie for korleis vi kan forstå globalt medborgarskap i ei globalisert verd. Det vert også presentert refleksjonsspørsmål knytt til globale perspektiv i læreplanverket.

Martin Sjøen held fem videoførelesningar om demokrati og medborgarskap. Han er førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han jobbar også som lærarutdannar ved Høgskulen i Volda.
Martin Sjøen held fem videoførelesningar om demokrati og medborgarskap. Han er førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han jobbar også som lærarutdannar ved Høgskulen i Volda. Foto: HVL.