Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skolemiljø utan mobbing og krenkingar

Statsforvaltaren har fått ei ny rolle i høve barn og unge sitt skulemiljø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.08.2017

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skolemiljø utan mobbing og krenkingar. Skolen skal ta tak i saka di innan det har gått 5 arbeidsdagar.

Dette er slått fast i endringar i opplæringslova og friskolelova som tredde i kraft 1. august 2017. 

Kort sagt, når ein elev, eller foreldre melder frå til rektor om at eleven ikkje har det bra på skulen, har skulen ei veke på seg til å ta tak i saka.

Dersom skulen bruker meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan elev/foreldre ta kontakt med Statsforvaltaren.

Kva gjer Statsforvaltaren?

Vi passar på at skolen følger lover og reglar om at elevane skal ha det bra. Dersom vi meiner at skolen ikkje har gjort det den skal, kan vi bestemme kva skoleeigar skal gjere i saka, slik at eleven får det trygt og godt på skolen. Statsforvaltaren kan også vedta konkrete tiltak skolen må gjennomføre.

Kva som er best for elevane er eit viktig prinsipp når vi skal behandle saka.

Statsforvaltaren vil sette ein frist og sørgje for at skoleeigar følger opp innan fristen. Om skoleeigar ikkje følger opp saka, kan ein få bøter.

Vi kan også rettleie om kva rettar foreldre og barn har.

Meir informasjon finn du på denne sida: www.statsforvalteren.no/fmmr/mobbing

Du kan også klikke på knappane "elev" og "foreldre/foresatte" under, der vi har orientert nærare om dei nye reglane, samt korleis ein skal gå fram for å få hjelp.