Webinar om kommunanes oppgåver ved lokalt smitteutbrot

Fylkesmannen inviterte kommunane til webinar torsdag 5. november, om TISK-strategi og oppgåver ved lokale smitteutbrot. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2020

Webinaret hadde særleg merksemd på erfaringsdeling. Kommunedirektør Martin Lundgård i Hyllestad kommune orienterte om kommunens erfaringar frå det store utbrotet der,. Kommuneoverlegane Kristine Longfellow og Øystein Furnes (sistenemnde er òg legevaktsjef i SYS IKL) fortalte om erfaringane som nabokommunar og samarbeidspart.

Frode Forland frå Folkehelseinstituttet (FHI) innleia om kva støtte dei kan gi kommunane ved lokale utbrot, og m.a. om kva læringspunkt frå lokale utbrot dei meiner kommunane bør ta med seg i det vidare arbeidet. 

TISK står for Testing - Isolasjon - Smittesporing - Karantene, og er den nasjonale strategien for å slå ned smitteutbrot fram til ei vaksine kjem på plass. Kommunane har i lengre tid arbeidd med å planlegge for å kunne handtere lokale smitteutbrot på best mogleg måte etter TISK-strategien. Viktig for førebuing er òg å øve på handtering. Vi hadde nyleg eit webinar om øving av lokal oppfølging av TISK-strategien. Vi har avtalt øvingar i fleire kommunar, der både kriseleiinga og smittesporingsteamet skal delta.

Program og presentasjonar frå webinaret ligg ved artikkelen. Vedlagt ligg òg TISK-prosedyre, dokumentet er laga for å kunne vere utgangspunkt for tiltakskort/rutine i kommunane.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.