Webinar om TISK-øving for kommunane

Dato:
15. oktober 2020 12:00 - 13:00
Stad:
Webinar/Teams
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen og helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
Målgruppe:
Kommunal kriseleiing, kommuneoverlege/smittevernlege og smittesporingsteam

Fylkesmannen inviterer til webinar for å orientere om øvingsopplegg for kommunal kriseleiing og smittesporingsteam.

Publisert 06.10.2020

Fylkesmannen har utarbeidd eit øvingsopplegg som vil bli delt med kommunane, med tanke på lokale øvingar. Øvingsopplegget er knytt til TISK-strategien (Testing Isolering Smittesporing Karantene) og er lagt opp som diskusjonsøving med tidsramme på om lag to og ein halv time. Øvingsopplegget legg særleg vekt på raskt å kunne starte arbeid med smitttesporing for å slå ned lokale utbrot. 

Vi trur at ei øving både vil bidra til å gjere kommunane tryggare i oppgåveutføringa og gje eit fagleg grunnlag for ein god prosedyre (tiltakskort) for smittesporing og anna arbeid med TISK, før det kjem eit utbrot.

I webinaret vil vi presentere øvingsopplegget og diskutere om og korleis kommunane konkret kan gjere seg nytte av det. Vi ønskjer òg å kunne bidra til å overføre erfaringar frå dei kommunane som allereie har vore gjennom eit eller fleire utbrot. Det vert såleis òg tema på møtet.

Informasjon og kalenderinnkalling med lenke til webinaret/møtet (Teams) er sendt direkte til rådmann/kommunedirektør, kommuneoverlege/smittevernlege, beredskapskontakt og postmottak i kommunane. 

Ved spørsmål, ta kontakt med Martin Fosse (mfoss@fylkesmannen.no, telefon 55 57 21 53/936 30 224).

Dato:
15. oktober 2020 12:00 - 13:00
Stad:
Webinar/Teams
Arrangør:
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen og helse-, sosial- og barnevernsavdelinga
Målgruppe:
Kommunal kriseleiing, kommuneoverlege/smittevernlege og smittesporingsteam

Kontaktpersonar