Vi tilrår frivillig vern av skog på Osøyra i Kinn

Mann peiker med stokk mot skog
Grunneigar fortel om historisk bruk av det store arealet han ønskjer å ta vare på for framtida. I ein verneprosess er det viktig å få fram både fagkunnskap om området, til dømes om artar og naturtyper, men også erfaringsbasert kunnskap frå grunneigar og andre brukarar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi tilrår vern av Osøyra som naturreservat, eit stort område rikt på regnskogskvalitetar i Kinn kommune. Med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne for framtida. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2023

Osøyra vil dekke viktige manglar i skogvernet i fylket

Osøyra ligg i eit mildt og kystpåverka landskap søraust for Florø. Innslaget av regnskogsartar er høgt til å ligge så langt nord og for enkelte artar er det både geografiske interessante registreringar og nasjonalt viktige bestandar. Osøyra vil kunne dekke viktige manglar i skogvernet i Vestland.

Arealet dekkjer ein gradient frå lågareliggjande område til høgareliggjande areal på begge sider av dalføret og har høge kvalitetar både i storleik og arrondering. Innanfor tilbodet er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar. To av disse er store, gamle (hole) tre av eik. Fem naturtypelokalitetar er regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Det er registrert fleire sjeldne, trua og sårbare artar, som til dømes fossegrimemose og praktdraugmose.

landskap med elveutløp i midten og skog på kvar side
Osøyra er stort, kystnært, variert og kupert. Det er store kvalitetar i området knytt til regnskog, ein skogtype som vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. No tilrår vi vern av dette store området. Foto: Johan Trygve Solheim.

Vi har eit særleg forvaltningsansvar for vestnorsk regnskog

Dei mange lokalitetane av vestnorsk regnskog i tilbodsområdet er spesielt, då det både er fattig boreal fururegnskog og gamal kystfuruskog i blanding.

Vestnorsk regnskog er ein skogtype Norge har eit særleg forvaltingsansvar for, og som dermed også gjer området verneverdig. Både boreal regnskog med furu og fattig boreonemoral regnskog vil kunne bidra til å sikre eit meir representativt utval av skog i fylket for framtida. Det er ein del gran i sentrale delar av området som trugar verneverdiane, og med status som naturreservat vil vil kunne gjere tiltak som sikrer naturskogen og dei sjeldne artane. 

Osøyra er ein del av eit regnskogsnettverk

Tidlegare Flora kommune er eit viktig område for regnskog i Noreg, og lokalitetane på Osøyra er ein del av eit større nettverk av regnskogskvalitetar i regionen. 

Heile arealet vi tilrår til vern er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar. Arealet har ein storleik på 8757 dekar, der 6800 dekar er skogdekt og av det er 3100 dekar produktiv skog. Området har vore kartlagt av erfarne biologar, og vi har vore på synfaring i felt med grunneigar og Norskog.

mose på bergvegg med furutre i bakgrunnen
Den raudlista regnskogsarten praktdraugmose (NT) er registrert på Osøyra, som her veks på berget til venstre på biletet. Det er fleire interessante funn av mose og lav i det verna området som alle treng høge nedbørsmengder for å trivast. Den svært sjeldne grå buktkrinslav er også registrert her. Dette er ein sjeldan regnskogsart som her truleg veks på si kjente nordgrense i Noreg, og som saman med ein forekomst på Svanøy ser ut til å utgjere isolerte utpostlokalitetar. Det er potensiale for å finne fleire krevjande artar her. Foto: Geir Gaarder.

Vi har i oppdrag å verne verdifull skog for framtida

Statsforvaltaren i Vestland har i oppdrag frå regjeringa å verne verdifull skog i fylket. Skogen husar seks av ti landlevande artar og er viktig å ta vare på om vi skal hindre tap av biologisk mangfald.

Ni av ti av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Frivillig skogvern er eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ei erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. Norskog har sett til at interessene til grunneigar har blitt ivareteke i verneprosessen.

Ingen har ytra seg kritiske til frivillig skogvern i verneprosessen

Oppstart og høyringsbrev for verneområda er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Firda og Firdaposten. 

Flyfoto med skog og fjell og utløpet av ei elv
Osøyra er eit uvanleg stort område som no er verna gjennom ordninga frivillig skogvern. Den nesten 9000 dekar store skogen er leveområde for både truga artar og naturtypar, og eit vern vil bidra til ta vare på naturmangfaldet i framtida. Foto: Johan Trygve Solheim.

Vi tilrår å opprette eit naturreservat i Osøyra

Det kom inn mange innspel til verneprosessen, og ingen var kritiske til vern. I tilrådinga ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Det er no Miljødirektoratet som skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD. Fordi det er underdekning på skogvernmidlar er det usikkert på kor fort det blir vernevedtak. 

Tilhøyrande vernekart og verneforskrift for ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også oppstartsmeldinga og høyringa. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.