Framande artar

Førekomsten av gyvel har nærast «eksplodert» dei siste ti åra. Den er enno i stor grad knytt til «skrotemark» og vegkantar, men vi er uroa for mogleg spreiing til kystlynghei. På fotoet ser ein òg parkslirekne, sitkagran og vestamerikansk hemlokk.
Førekomsten av gyvel har nærast «eksplodert» dei siste ti åra. Den er enno i stor grad knytt til «skrotemark» og vegkantar, men vi er uroa for mogleg spreiing til kystlynghei. På fotoet ser ein òg parkslirekne, sitkagran og vestamerikansk hemlokk. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Å ta vare på naturmangfaldet er ei viktig oppgåve for Statsforvaltaren. Å avgrense førekomst av framande artar som kan vere til skade for det stadeigne naturmangfaldet vårt er ein del av dette arbeidet. 

Statsforvaltaren i Vestland har sett i gang målretta tiltak mot eit utval artar. Vi har òg ei rolle i å rettleie kommunar og andre aktørar, og å stimulere til tiltak. Arbeidet mot framande skadelege artar vil først monne når aktørar på fleire nivå jobbar saman.

Kva er ein framand art og kvifor kan slike vere eit problem?

Ein framand art er ein art som ikkje høyrer naturleg heime i eit område, og som ikkje kunne ha kome seg dit utan hjelp frå menneske. Norske artar kan vere framande regionalt og lokalt, som td. ørekyt og gjedde på Vestlandet.

Blant dei framande planteartane er mange såkalla "hagerømlingar", og blant smådyr har mange, som brunskogsniglen og ulike insektartar, kome hit som "blindpassasjerar" gjennom transport av plantejord og andre varer.

Heldigvis er det berre ein mindre del av dei framande artane som ser ut til å bli ein fare for den stadeigne naturen. Flytting av artar mellom såkalla biogeografiske regionar er likevel uheldig, fordi dette kan føre til tap av særpreg det har tatt naturen mange millionar år å utvikle.

Vestamerikansk hemlokk kan spreie seg langt frå mortreet. Den er svært konkurransedyktig, og har potensial til å endre heile landskap.
Vestamerikansk hemlokk kan spreie seg langt frå mortreet. Den er svært konkurransedyktig, og har potensial til å endre heile landskap. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Fylkesvise handlingsplanar

Framande artar opptrer ulikt i ulike delar av landet, mellom anna grunna klima og geografi, og difor varierer prioritering av tiltak frå fylke til fylke. Dei fleste Statsforvaltarane har utarbeidd regionale handlingsplanar mot framande, skadelege artar i sitt fylke, som m.a. inneheld oversikt over prioriteringar av artar og aktuelle tiltak mot desse. Begge dei tidlegare fylkesmannsembeta i Vestland har utarbeidd slike handlingsplanar. Desse vil etter kvart bli erstatta av ein handlingsplan for Vestland fylke, der både våre eigne erfaringar og nye nasjonale føringar vil ligge til grunn.

Tiltak i verneområde

Verneområda våre skal vere referanseområde der naturen i størst mogleg grad skal få utvikle seg upåverka. I mange av verneområda er verneverdiane truga av framande treslag, først og fremst gran og sitkagran. Difor er det sett i gang relativt store og kostbare tiltak for å fjerne framande treslag frå verneområde. Saman med Statens naturoppsyn prøver vi òg å halde sjøfuglreservat og tilgrensande areal langs kysten frie for mink.

Mink er ein framand art som ikkje fantes naturleg i norsk natur. Den rømte frå pelsoppdrett og spreidde seg fort, mellom anna fordi den kan symje frå øy til øy langs kysten. Den eter egg,  ungar og vaksen fugl på reir og utgjer eit stort trugsmål mot fuglefaunaen. Her har Anders Voss Thingnes i Statens naturoppsyn, med hunden Peik, avliva ei minktispe på Fedje.
Mink er ein framand art som ikkje fantes naturleg i norsk natur. Den rømte frå pelsoppdrett og spreidde seg fort, mellom anna fordi den kan symje frå øy til øy langs kysten. Den eter egg, ungar og vaksen fugl på reir og utgjer eit stort trugsmål mot fuglefaunaen. Her har Anders Voss Thingnes i Statens naturoppsyn, med hunden Peik, avliva ei minktispe på Fedje. Foto: Kjell Arne Steinsvik.

Prioritering av artar og tiltak utanfor verneområde

Det er ikkje praktisk mogleg å setje i gang tiltak mot alle framande, skadelege artar, og vi må derfor gjere prioriteringar i forhold til 1) trugsmål mot stadeigen natur, 2) moglegheit for vellukka resultat, og 3) kor mykje tiltak vil koste.

I tillegg til tiltak mot mink i enkelte område i og nær viktige område for sjøfugl, har Statsforvaltaren i Vestland gjennomført tiltak mot eit lite utval landlevande plantar i høgaste risikokategori. Vi har særleg satsa på tiltak mot vestamerikansk hemlokk. Dette er eit treslag som er lite interessant for skognæringa, og som har vore planta i lite omfang, men er svært spreiingsdyktig. Vi har òg vore med på å finansiere fjerning av sitkagran på nokre øyar med sårbar natur. Andre artar vi har gjort tiltak mot lokalt er hagerømlingar som hagelupin, kjempespringfrø, kjempebjørnekjeks / tromsøpalme og rynkerose.

Tiltak mot «verstingen» parkslirekne har hatt høg prioritet i delar av fylket, men fordi arten er så vanskeleg å bli kvitt og tiltaka både er kostbare og må gå over mange år, blir det diskutert om ein bør legge ned så mykje tid og pengar på denne arten. Eit viktig moment her er at arten i stor grad er knytt til tettbygde område og vegkantar, og difor i liten grad trugar verdifull natur. Å hindre spreiing av arten bør likevel ha høg prioritet, men er utfordrande fordi spreiinga i stor grad er knytt til flytting av jord.

Kva kan privatpersonar gjere?

Som hageeigar bør du unngå å halde artar som har risiko for spreiing. Om du likevel har slike artar, er det viktig at du behandlar hageavfall på rett måte. Om du har moglegheit til det, bør avfallet haldast innanfor «hagegjerdet», elles må restar av framande planteartar med høg og svært høg økologisk risiko leverast til forbrenning. Slikt hageavfall må aldri dumpast utanfor godkjende avfallsmottak.

Om du har kjøpt jordmassar som viser seg å innehalde framande artar, og seljar ikkje har opplyst om at jorda kan innehalde slike, kan kjøpslova nyttast.

Kommunane

Kommunane har ansvar for tiltak på eigen grunn. Kommunane har òg ansvar for forvaltning av areal etter plan‐ og bygningslova, og kan gjennom dette sørge for at framande, skadelege artar blir tatt opp som tema og handtert på ein forsvarleg måte i plan og i byggeløyve. Spesielt viktig er handtering av jordmassar som kan innehalde parkslirekne. Kommunen bør ha oversikt over alle førekomstar, og før graving i slike område må ein alltid ha ein plan for forsvarlig handtering av massane, slik at parkslirekne ikkje spreier seg til nye område.

Parkslirekne på elveforbygning. På slike stader er det særs vanskeleg å bli kvitt arten. Samtidig er det spreiingsfare langs vasstrengen.
Parkslirekne på elveforbygning. På slike stader er det særs vanskeleg å bli kvitt arten. Samtidig er det spreiingsfare langs vasstrengen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.