Ny temaside om framande artar i Vestland

Kva har ørekyt, mink, lupin og vestamerikansk hemlokk til felles? Jo, dei er framande artar i fylket vårt og har stor evne til å spreie seg. Når ein art opptrer utanfor sitt naturlege leveområde er han framand. Enkelte kan påverke økosystemet så mykje at heimfødingane tapar kampen om livets rett. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2021

Framande artar er eit stort trugsmål mot naturmangfaldet i Noreg, og det krev stor innsats over lang tid for å kjempe i mot spreiinga. Vi lanserer ei eiga temaside for (mot!) framande artar, der du kan lese meir om dette viktige arbeidet. 

Brunsnegla (brunskogsnegla) er ein framand art som ikkje naturleg høyrer heime i Noreg, og har spreidd seg frå det sørlege Europa via importert plantemateriale. Den har ingen naturlege fiender og har spreidd seg til alle fylke i landet unnateke Finnmark. Mange framande artar i norsk natur kjem frå hagebruk.
Brunsnegla (brunskogsnegla) er ein framand art som ikkje naturleg høyrer heime i Noreg, og har spreidd seg frå det sørlege Europa via importert plantemateriale. Den har ingen naturlege fiender og har spreidd seg til alle fylke i landet unnateke Finnmark. Mange framande artar i norsk natur kjem frå hagebruk. Foto: Sarah Skouen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.