Tiltak mot vestamerikansk hemlokk

Vestamerikansk hemlokk kan etablere seg i mange ulike miljø, her frå kystfuruskog (t.v.) og attgroande kystlynghei (t. h.).
Vestamerikansk hemlokk kan etablere seg i mange ulike miljø, her frå kystfuruskog (t.v.) og attgroande kystlynghei (t. h.). Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Olav Overvoll.

Vestamerikansk hemlokk er ein av dei framande artane Statsforvaltaren i Vestland gjennomfører tiltak mot. Målet er å stanse spreiinga, og aller helst ønskjer vi å utrydde arten heilt frå naturområda våre. 

Publisert 02.06.2021

Vestamerikansk hemlokk er eit bartre som opphavleg veks i vestlege Nord-Amerika. Hit til landet har den kome som forsøkstre i skogbruket og som prydtre i hagar og parkar. Hemlokken er svært konkurranse- og spreiingsdyktig, og er i ferd med å etablere seg i naturskog mange stader. 

Stor negativ påverknad på stadeigen natur
Blant framande, landlevande plantar er vestamerikansk hemlokk, ved sidan av sitkagran, truleg den arten som i størst grad vil kunne påverke Vestlandsnaturen om ikkje noko blir gjort for å hindre dette. Den etablerer tette, einsarta bestand, som vil kunne redusere mangfaldet av naturtypar og artar over store område, og den har potensial til å endre heile landskap. 

Ingen konflikt med skognæringa
Hemlokk er planta i relativt lite omfang, og har ikkje blitt nokon suksess i skogbruket her til lands. Den er utsett for rotråte, og føyrer i stammen reduserer ofte kvaliteten på vyrket. Der det tidlegare har stått hogstmogen hemlokk er det dessutan vanskeleg å få opp annan skog fordi unge hemlokkplantar veks raskt og utkonkurrerer andre treslag, og dei aller fleste skogeigarar er difor positive til tiltak for å bli kvitt hemlokken. 

Felt der det tidlegare har stått hogstmogen hemlokk. Etter hogsten vart det planta gran i feltet, men etter nokre år er det likevel hemlokken som dominerer.
Felt der det tidlegare har stått hogstmogen hemlokk. Etter hogsten vart det planta gran i feltet, men etter nokre år er det likevel hemlokken som dominerer. Foto: Statstforvaltaren i Vestland/Olav Overvoll.

Mogleg å bekjempe
Fordi hemlokk er planta i såpass lite omfang og er lite ettertrakta som produksjonstre i skogbruket, trur vi det er mogleg å utrydde arten heilt frå mange område. Bartre set normalt ikkje stubbeskot, så om dei blir kutta under den nedste grøne greina eller skotet kjem dei ikkje opp att. Dette gjer bartre langt enklare å bekjempe enn lauvtre.

Prioritering av tiltak
Vi prioriterer tiltak i område der det er registrert stor spreiing av hemlokk til naturskog, og der skogeigar ønskjer tiltak. Frøproduserande tre bør fjernast før ein går i gang med fjerning av mindre tre. I nokre tilfelle har vi gitt økonomisk bistand i samband med ordinær hogst der det står hemlokk saman med hogstmoden granskog, for å sørge for at alle frøberande tre av hemlokk blir tekne ut. 

Tiltak i praksis
Arbeidet blir utført av entreprenør eller skogeigar sjølv. Større tre blir felt og kvista, men blir ikkje transporterte ut med mindre kvantumet er såpass stort at transport kan forsvarast økonomisk. Småtre blir felt eller klipte med greinsaks og blir liggande som dei er. Hogstmogne eller nær hogstmogne plantefelt med hemlokk som står i tilknyting til annan hogstmogen produksjonsskog, bør avverkast når resten av produksjonsskogen likevel skal avverkast. I Langeskogen ved Bergen blir det òg arrangert fleire dugnadar i året for å halde oppslag av småtre i sjakk. 

Fleire år med oppfølging
Å utrydde hemlokk frå eit område tek fleire år – vi veit enno ikkje kor mange. Sidan det ligg frø i bakken vil det kome opp nye plantar ei tid, og vi legg opp til at område som er reinska for hemlokk skal kontrollerast og etterryddast ca. kvart 5.-10. år til det ikkje kjem opp fleire ungplantar. Eit alternativ kan vere å vente 15-20 år med oppfølging, og så hogge dei unge trea før dei utviklar kongler. 

Vestamerikansk hemlokk i Vestland. Svart punkt = registrert førekomst, raudt punkt = førekomst med tiltak, lilla punkt = registrering frå Artskart pr. jan. 2021.
Vestamerikansk hemlokk i Vestland. Svart punkt = registrert førekomst, raudt punkt = førekomst med tiltak, lilla punkt = registrering frå Artskart pr. jan. 2021.