Vi startar opp overvaking av ytre delar av kysten vår

No startar vi opp nytt overvakingsprogram som skal gå dei neste tre åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden langs dei ytre delane av Vestlandskysten og dei fjordane som ikkje har vore dekt av tidlegare program. 

Publisert 11.12.2025

Knausar, sjø og tåke.
No startar vi overvaking av Vestlands ytre kystområder, eit prosjekt som skal pågå dei neste tre åra. Ved oppstart av disse to programma har vi etablert eit stasjonsnett for framtidig overvaking i kystområda for heile Vestland. Foto: Toril M Mulen / Statsforvaltaren i Vestland.

Program for å overvake tilstanden i vatnet rundt oss

Overvakingsprogrammet er utarbeidd av Statsforvaltaren som del av vårt embetsoppdrag og krava som ligg i vassforskriftas § 18 og vedlegg V Kap. 1.3 om å sørge for gode og heilskaplege overvakingsprogram for å kartlegge og overvake tilstanden i vassførekomstane våre. Overvakingsprogramma ligg i lenke i høgremargen, eller under om du les saka på mobiltelefon eller nettbrett.

Verksemder får pålegg om deltaking i spleiselag

Alle verksemder med løyve frå oss, eller som er forskriftsregulert med utslepp til sjø, får pålegg frå oss om deltaking i eit spleiselag for å dekke kostnadane til programma. Varsel om pålegg vil gå ut i løpet av januar/februar 2026. Kommunane og verksemder regulert av Miljødirektoratet vert og invitert inn i spleiselaget med lik fordeling av kostnader. Statsforvaltaren går inn med omtrent 50 % av den totale kostnaden.  

Ytre Kyst Nord og Ytre Kyst Sør

Overvakingsprogramma som no er starta opp er delt inn i to geografiske områder som vi kallar Ytre Kyst Nord, og Ytre Kyst Sør. Sjå kart som er lagt i høgremargen. 

Vi skal ta vassprøver og prøver av sjøbotn 

I desse programma skal vi i tillegg til å ta vassprøver av næringssalter, klorofyll og måle oksygen i botnvatnet, gjere undersøkingar av fjæresone og makroalgar i sjøsone for å sjå etter teikn på eutrofiering (overgjødsling). Vi skal òg ta prøver av sjøbotn for å undersøke belastninga av miljøgifter og om dyra som grev og lever i sediment på botn har gode levevilkår.

Første rapport kjem i 2027

Første rapport vil bli levert på nyåret 2027 og vil då innehalde alle data på sedimentovervakingsdelen, altså botndyr og miljøgifter. Samtidig vil første del av vassovervakinga bli presentert. Tre av dei fyste programma er no ferdig og områda er innlemma i desse programma og i Byfjordsundersøkinga som skjer i regi av Bergen Kommune. Dette gjeld Måløy, Florø og Fensfjorden. Nokre av stasjonane vert rullert med vidare for å sikre god trendovervaking. Trykk på denne lenkja om du vil lese meir om kva som skal overvakast, og lenkje til rapportane så snart dei er klar, som ligg i vår samlesak om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.

Vassforskrifta skal hjelpe oss å ta vare på vatnet

Vassforskrifta er eit verktøy for å ta vare på alt vatnet rundt oss, anten det er ein bekk, ei elv, ein innsjø, ein fjord eller ei kyststrekning. Om du lurer på korleis vassforskrifta påverker kvardagen vår, finn du meir informasjon ved å følgje denne lenkja.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.