Framleis mange avvik i avløpsbransjen

Reinseanlegg i Bergen med mekaniske og kjemiske reinsetrinn. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Anette Heggøy

Hausten 2021 kontrollerte vi kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2022

Om aksjonen

I haust deltok Statsforvaltaren på ein landsdekkande tilsynsaksjon retta mot kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta. Tilsynsaksjonen var initiert av Miljødirektoratet og var felles for alle statsforvaltarembeta i landet. 

Føremålet med aksjonen var å kontrollere om kommunane tek ansvar for at avløpsanlegga, inklusive leidningsnett, er innretta i tråd med gjeldande regelverk og utsleppsløyve, og at dei har etablert rutinar som sikrar at krava også blir haldne over tid.

Hovudmålet for aksjonen var denne gongen å gjere kommuneleiinga merksam på ansvaret dei har for avløpsanlegga og i mindre grad å føre tilsyn med tekniske krav til reinseanlegga. Det er viktig at dei som skal ta avgjerder i kommunen, t.d. om etablering av nye bustad- eller næringsområde, har kunnskap om reinsekapasiteten til anlegga og krava som er sette i forskrifter og utsleppsløyve.

Tema for aksjonen var overordna planlegging og styring av reinseanlegga og korleis kommuneleiinga tek omsyn til mål og krav, i tillegg til å sikre god oversikt over eigne utslepp og korleis desse påverkar miljøet.

Resultat frå aksjonen i Vestland fylke

Statsforvaltaren i Vestland gjennomførte tilsyn i kommunane Bergen, Ullensvang, Eidfjord, Stord og Kinn. Representantar frå kommuneleiinga deltok på alle dei fem tilsyna.

Ingen av dei kontrollerte kommunane klarer å tilfredsstille reinsekrava for alle avløpsreinseanlegga sine. I tillegg har alle kommunane reinseanlegg som ikkje stettar kravet om akkreditert prøvetaking.

Kommunane si oversikt over leidningsnettet er mangelfull. Til dømes hadde ingen av kommunane tilstrekkeleg oversikt over kor mykje avløpsvatn som forsvinn på vegen til avløpsreinseanlegga på grunn av m.a. utette røyr. Kva krav som er stilte til dette i løyva i dag, varierer mellom kommunane. Dette er også avhengig av når løyva sist vart reviderte.  

Resultata frå aksjonen viste også at internkontrollen for avløpssektoren ikkje er god nok, og at spesielt risikovurderingar og rutinar kan betrast. Det same gjeld kvaliteten på rapporteringa til Statsforvaltaren, til dømes når utsleppa har overstige grenseverdiar gitt i løyvet med 100 %.

Det er framleis mykje arbeid som står att innan avløpssektoren. I Vestland ser vi likevel positivt på at kommuneleiinga i dei kontrollerte kommunane viser auka engasjement for arbeidet med avløp. Dei har alle utarbeidd avløpsplanar, eller dei er i ferd med å få på plass nye planar, slik at dei i åra som kjem skal kunne ta arbeidet knytt til avløp på alvor.

Vegen vidare

Statsforvaltaren vil følgje opp kommunane ved å kontrollere at brot på lovverket blir retta opp. I tillegg skal utsleppsløyva oppdaterast eller endrast.

Tilsynsrapportane er tilgjengelege på www.norskeutslipp.no 

Resultata frå den landsdekkande aksjonen er presentert i Miljødirektoratet sin rapport M-2201 I 2022, sjå lenke til høgre på sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.