Landsdekkjande avløpsaksjon

Miljødirektoratet og statsforvaltarane skal gjennomføre tilsyn over heile landet med kontroll av større kommunale avløpsanlegg i august-september 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2021

Statsforvaltaren i Vestland deltek i haust i ein landsdekkjande tilsynsaksjon for kommunale avløpsanlegg som er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 14.  Tilsynsaksjonen er initiert av Miljødirektoratet og er felles for alle statsforvaltarembeta i landet. Aksjonen vil gå føre seg i veke 33 – 39, 2021.

Statsforvaltaren i Vestland har varsla seks av våre kommunar om at vi kjem på tilsyn. Vi har bedt kommuneleiinga om å delta då hovudmålet med aksjonen er ansvarleggjering av kommuneleiinga i avløpssektoren.

 

Dagens situasjon

Situasjonen i dag er at mange tettbygde område er utvida utan at reinsekapasiteten på avløp har auka tilsvarande. Det er også mange avløpsreinseanlegg som ikkje oppfyller reinsekrava i forskrifta.

Manglande etterleving av gitte krav kan gje ulovlege utslepp av kommunalt avløpsvatn.
Utslepp av organisk stoff og næringssalt kan føre til overgjødsling (eutrofi), algeoppblomstring og fiskedød. Mangelfull reinsing kan også føre til auka utslepp av mikroplast og miljøgifter.

 

Om aksjonen

Hensikten med årets aksjon er å kontrollere at kommunane tar sitt ansvar for at avløpsanlegga inklusive leidningsnett er innretta i tråd med regelverket og gjeldande løyve, og at dei har etablert rutinar som sikrar at krava også blir haldne over tid.

Hovudmålet for aksjonen er ansvarleggjering av kommuneleiinga og i mindre grad tekniske krav til reinseanlegga. Det er viktig at dei som skal ta avgjersler i kommunen om f.eks. etablering av nye bustadområde eller næringsområde, har kunnskap om reinsekapasiteten og krava i utsleppsløyve og forskrifter.

Hovudtema for aksjonen inkluderer:

  • overordna styring og planlegging
  • kommuneleiinga si forståing av mål og krav og korleis dei sikrar seg god nok oversikt over eigne utslepp og påverknad på miljøet
  • korleis kommunen sikrar at avløpssystemet fungerer godt og at krav blir overhalde både no og i framtida.

 

Lovgrunnlag

  • Avløpsdirektivet
  • Forureiningslova §§ 7 (forbod mot forureining) og 11 (løyve)
  • Forureiningsforskifta kapittel 11 og 14
  • Interkontrollforskrifta

 

Andre grunnlagsdokument

  • Om primærrensing og overholdelse av frister. Brev frå Miljødirektoratet til Statsforvaltarane 5.5.2020
  • Skjerping av praksis for krav til sekundærrensing innenfor normalt og følsomt område. Brev frå Miljødirektoratet til Statsforvaltarane 20.8.2019.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.