Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Har du vipe på marka di og ønskjer å legge til rette for vellukka hekking?

Vipe.
Vipe. Foto: Leif Harboe.

Statsforvaltaren gir tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove) gjennom regionalt miljøprogram for Vestland (RMP).

Publisert 07.04.2021

For at du skal kunne få utbetalt tilskot frå kommunen, må du inngå ein skriftleg avtale med oss som stadfestar kva tiltak som skal gjerast. Avtalen får du tilsendt på e-post etter kontakt med Olav Overvoll, e-post fmhooov@statsforvalteren.no eller tlf. 55 57 23 15.

Avtalen må fornyast kvart år, så søkjarar frå tidlegare år må ta kontakt for ny avtale som vil vere gjeldande for 2021.

Sjå lenke til høgre, for meir informasjon om tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl i kulturlandskapet (vipe, åkerrikse og storspove).