Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove)

Vipe.
Vipe. Foto: Sveinung Klyve.

Det kan gjevast tilskot for å legge til rette for hekking av dei truga fugleartane vipe, åkerrikse og storspove på fulldyrka og overflatedyrka areal. Tilskotet er meint å kompensere for meirarbeid knytt til tilrettelegging og tilpassing av drifta. Tilskotet gjeld eng, med høgst sats der slåtten må utsetjast lengst.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 14.04.2021

Arealet det blir gitt tilskot for må vere stadfesta som hekkeområde av Statsforvaltaren, og skjøtsel på arealet skal vere i samsvar med skriftlege tilrådingar/føringar frå Statsforvaltaren per lokalitet per år.

NB! Dei som ønskjer å søke, må ta kontakt med Statsforvaltaren ved miljøavdelinga (kontaktperson Olav Overvoll, e-post fmhooov@statsforvalteren.no) så tidleg som mogleg etter at fuglane har byrja å etablere seg (før hekking/tidleg hekking). Dette gjeld både kjende hekkeplassar der artane har hekka før, og eventuelle nye stader der ein trur at fuglane er i ferd med å etablere seg. Statsforvaltaren vil i samråd med grunneigar/brukar og lokale fuglekyndige kome fram til kva areal som treng omsyn, og kva tiltak som er aktuelle. Grunneigar/brukar får deretter tilsendt ein skriftleg avtale på e-post som inneheld enkle føringar for aktuelle tilretteleggingstiltak per føretak. Tilrettelegginga må vere utført i samsvar med den skriftlege avtalen for at tiltaket skal kunne godkjennast for tilskot, og avtalen må fornyast for kvart år for å vere gyldig.

Det kan søkast om tilskot for tiltak som er utført i søknadsåret. I tillegg til regionalt miljøtilskot kan føretak som gjennomfører slike tiltak òg søke om tilskot frå Miljødirektoratet si tilskotsordning for Tilskot til truga artar.

Aktuelle tilretteleggande tiltak er til dømes å:

  • Unngå gylling av reir ved å køyre utanom hekkeområdet, eller ved å dekke til reiret ei kort tid under gyllinga (til dømes med ei bøtte).
  • Unngå å trekke gjødselslange/tilførselslange over reir.
  • Utsetje førsteslåtten på eit avgrensa areal (til dømes ca. 1 dekar) rundt reirplassen. Det vil seie «førsteslått», på det avgrensa areal som er sett att, etter 15.juni for vipe, etter 15.juli for storspove og etter 1.august for åkerrikse.
  • Tilpasse køyremønster under slåtten slik at fuglane kan kome seg unna.

Kva areal det er aktuelt med tiltak på, tek utgangspunkt i påviste reir. For storspove vil reiret oftast liggje i eit beite, og tiltak kan då vere aktuelle på tilgrensande dyrka areal.

NB! Søkar må kunne dokumentere utført tilretteleggingstiltak med framvising av foto ved eventuell kontroll. Tilrettelegginga skal utførast i samsvar med dei tiltaka eigar/brukar og Statsforvaltaren har blitt einige om, og i samsvar med generelle skjøtselsråd; sjå skjøtselsråd for dei enkelte artane under.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

  • Låg tilrettelegging (vipe): kr 1000 per dekar
  • Høg tilrettelegging (storspove og åkerrikse): kr 2000 per dekar
    Inntil kr 20 000 per føretak

(Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe, storspove og åkerrikse. Tiltak skal utførast i samsvar med skriftleg avtale mellom Statsforvaltaren og føretak per lokalitet per år, og tiltak kan ikkje godkjennast viss ikkje slik avtale er inngått.)

Statsforvaltaren og faglaga i jordbruket oppmodar alle føretak til å ta særskilt omsyn til desse truga fuglane under hekkinga, anten ein ønskjer å søke om tilskot eller ikkje.

Skjøtselsråd for tilrettelegging av hekke- og beiteområde for vipe, storspove og åkerrikse

Fuglevenleg køyremønster ved slått
Når rugetid og klekking er overstått, held fugleungane seg i skjul i det høge graset fram til dei kan flyge. Dersom slåtten kjem før fugleungane kan flyge, må ein unngå å drive fugleungane saman på eit stadig minkande areal som så blir slått til sist. Slår ein marka frå yttersidene og innover, må arealet i sentrum (ca. 1 dekar) bli ståande uslått. Eventuelt kan ein starte på ei langside og slå fram og tilbake. Poenget er å ha eit slåttemønster som driv fugleungane mot eit restareal som ikkje vert slått før dei er flygedyktige, eller til eit tilgrensande areal som ikkje skal slåast. Dersom arealet som skal slåast grensar til eit areal B som ikkje skal slåast med det første, bør ein starte slåtten frå den sida av arealet som ligg lengst vekk frå areal B, med mål om å drive fuglane over på areal B (sjå skisser for fuglevenleg slått i lenka under).

Fuglevenleg slått

VIPE (sterkt truga)
Vipa hekkar ofte på dyrka mark og vil helst ha store, opne flater som hekkeplass. Den unngår kantar nær skog og enkelttre som kan vere skjulestad for eggrøvarar. Reiret er difor oftast å finne ute på dyrka mark i drift.

Vipa vender oftast tilbake til same hekkeplassen år etter år. Den er trekkfugl og kjem som regel til hekkeplassen i mars – april. Hannfuglen har tydeleg fluktspel over den komande hekkeplassen, og det enkle reiret (ei grop fóra med gras) blir ofte laga tidleg/midt i april. Rugetida er 24-28 dagar. Ungane forlet reiret straks dei er tørre etter klekkinga, og dei blir passa av hofuglen.

Ungane er flygedyktige om lag ein månad etter klekking. Dei må ha parti med høgt gras å gøyme seg i. Inntil dei er flygedyktige, rundt 15.juni, kan det vere aktuelt tiltak å setje att uslått areal på eit avgrensa areal kring reiret. Ein tilrår minst eitt dekar uslått areal per par på mark der det berre hekker enkeltpar, og ein halv dekar per par på marker der det hekkar fleire vipepar. Areala kan setjast att spreidd eller samla på marka, men kvart av para bør ha eit areal på minst ein halv dekar.

Ved pløying eller harving kan reir med egg om nødvendig løftast forsiktig bort, gjerne med ein spade, men reiret må leggjast tilbake på same plass etterpå. Ved gylling kan ein kortvarig plassere ei bøtte over reiret. Reiret kan òg merkast med pinne. Pinnen må då ikkje setjast heilt inntil reiret, men til dømes 5 meter unna i ei kjend retning, eller to pinnar 5 meter til kvar side for reiret.


STORSPOVE (sårbar)

Storspoven kan hekke både på åker, eng, beite, myr og lynghei, men den hekkar helst der det er variert, litt høg vegetasjon, der fuglen er godt kamuflert på reiret. Storspoven hekkar berre sjeldan på dyrka mark, men dersom den likevel gjer det, bør reirlokaliteten følgjast opp på same måte som for vipa (sjå omtale over).

Storspoven kjem til hekkeplassen tidleg i april, og den legg egg seint i april eller tidleg i mai. Rugetida er 26-30 dagar. Ungane er flygedyktige 5-6 veker etter klekking. Dersom reiret ligg på intensivt dyrka jord som grensar uhindra til eng eller hei med vegetasjon å skjule seg i, vil fuglane flytte over dit etter klekking. Det er då ikkje nødvendig å setje att uslått areal på den intensivt dyrka delen. Dersom det ikkje er tilgang til uslått areal, kan det vere eit tiltak å setje att uslått gras på same måte som for vipe, men med utsett slått til 15.juli.

Storspove i graset.
Storspove i graset. Foto: Sveinung Klyve.

ÅKERRIKSE (kritisk trua)

Åkerriksa hekkar i kulturmark med høgt gras og godt skjul, alt frå kornåker og eng til brakkmark. Den lever svært skjult og blir sjeldan sett. Åkerriksa er trekkfugl og kjem som regel til hekkeplassen i slutten av mai. Den kan dermed etablere seg i skjul av høgt gras.

Hannfuglen hevdar territorium ved å synge ei karakteristisk «song» - ei rytmisk kreksing om natta. (Åkerriksa sin song kan høyrast i fuglebok frå birdID, Nord universitet). Reiret blir ofte lagt i ei grop i bakken nær hannfuglen sin sangpost, men det er særs vanskeleg å lokalisere.

Åkerriksa legg egg i byrjinga av juni og byrjar ofte ruginga rundt 10.juni. Rugetida er 17-19 dagar. Ungane forlét reiret straks dei er tørre etter klekkinga, og dei blir passa på i to veker. Dei er flygedyktige 6-7 veker etter klekking. Både vaksne og ungar må ha høgt gras å gøyme seg i. Det kan difor vere aktuelt å setje att minst 5 dekar uslått areal heilt fram til 1.august.