Gloppen involverer landbruket i klimaplan
Gloppen kommune er godt i gang med arbeidet med klimaplanen sin. Landbruket var fyrst ut med å kome med innspel.
Denne saka er skriven før 1.1. 2021 då Fylkesmannen endra namn til Statsforvaltaren.
17. september samla landbruket i Gloppen seg for erfaringsutveksling og dialog saman med kommunen. «Landbruket i Gloppen er ei veldig viktig næring. Landbruket er ikkje problemet, men ein del av løysinga», uttalte kommunen i møtet.
Bondelaget innleia med at for å nå dei nasjonale klimamåla må bøndene vere med, og det må skje endringar heilt ned til gardsnivå. For å få til dette er kommunen ein viktig støttespelar, og klimaplanen vil vere eit godt utgangspunkt for å hjelpe bonden til å ta eigne klimagrep.
Staten og landbruket har inngått ein klimaavtale. Ein premiss for denne er at klimareduksjonen og binding av karbon ikkje skal gå på bekostning av matproduksjonen. Målet er å redusere utsleppa på den produksjonen som er i dag.
Det å drive godt og ha god agronomi er gode klimatiltak i seg sjølv. Drenering, gjødselhandtering og auka grovfôrkvalitet var noko av tema som bøndene trakk fram. Her finst det allereie støtteordningar som bøndene i større grad kan ta i bruk.
Gloppen kommune fekk mange gode innspel til det vidare arbeidet med planen. I arbeidet vil dei også vidare ha dialog med det lokale bondelaget.
Kontaktpersonar
-
Randi Erdal
Tlf: 57 64 30 73 / 47 64 25 89