Husdyr

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar – som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit) – utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Statsforvaltaren, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Statsforvaltaren.

Erstatningsordningar og tilskot

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Statsforvaltaren er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Avvikling av pelsdyrhald

Stortinget har bestemt at pelsdyrproduksjonen skal avviklast innan 1. februar 2025. Pelsdyrbønder kan søkje Statsforvaltaren om kompensasjon for pelsdyr og pelsdyranlegg. Søknadskjemaet ligg på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Vis meir


19.02.2021

Retningslinjer for SMIL, tilskot til tiltak i beiteområde og NMSK

Regelverka for spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), tilskot til tiltak i beiteområde og nærings og miljøtiltak (NMSK) slår fast at kommunane skal lage overordna retningslinjer. For å samordne desse ordningane, har vi laga ei felles rettleiing til kommunane.


10.02.2021

Beitesesongen 2020 i Vestland

Vestland er eit stort utmarksfylke og har 20 prosent av alle småfe i Noreg på utmarksbeite.


17.12.2020

Fjørfe må haldast innandørs

Det er funne høgpatogen (svært smittsam) fugleinfluensa hos viltlevande fugl i Rogaland og i Vestland. Sjukdommen er svært smittsam mellom fuglar. Smitte frå villfugl til fjørfe kan få alvorlege konsekvenser for fjørfenæringa. Det er ikkje fare for smitte til menneske.


04.11.2020

Skjøtsel av utmarksbeite – fagdag i Kvinnherad

Førre fredag var interesserte sauebønder i Kvinnherad samla i fjellet for å lære meir om verdi og skjøtsel av utmarks-/fjellbeite.


20.08.2020

Dyr på beite i Vestland

I Vestland er det 425 000 dyr i utmarka i år. Det aller meste er sau og lam, men det er òg ein god del storfe.


02.07.2020

Tilskot til beitenæringa i Nordfjella

Beitelaga i Nordfjella kan søkje om ekstra tilskot til tiltak mot skrantesykje.

 


17.06.2020

Tilsyn av dyr på utmarksbeite

Småfe som er på utmarksbeite skal minimum ha tilsyn ein gong per veke og storfe minimum to goner per veke. Tilsynslogg kan nyttast for å sikre dokumentasjon på utført tilsyn med dyra i utmarka gjennom beitesesongen (Dyrevelferdslova).


16.06.2020

Husdyr på beite - hugs bandtvang

Av omsyn til både vilt og husdyr på beite er det bandtvang over heile landet frå 1. april til og med 20. august. I delar av nokre kommunar kan det vere bandtvang heile året. 


09.06.2020

Meld ifrå om du finn kadaver eller spor etter freda rovdyr

Dersom du finn kadaver som du trur kan vere drepe av freda rovdyr, må du melde frå til Statens naturoppsyn (SNO) så raskt som mogleg. Det same gjeld om du finn spor etter eller ser freda rovdyr i beiteområdet.


02.06.2020

Veterinærtenester

Kommunane har etter lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell og organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.