Kommuneøkonomi

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.03.2024

Høyanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Høyanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2024 med ei låneramme på 30,6 mill. kroner.


Publisert 28.11.2023

Fordeling av restskjønnsmidlane for 2023

Statsforvaltaren har fordelt 10 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. 


Publisert 06.11.2023

Kostra-rapportering for 2023

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2024.


Publisert 06.10.2023

Statsbudsjettet for 2024

Regjeringa Støre har i dag lagt fram Statsbudsjettet for 2024. Veksten i frie inntekter er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen, avdi anslaget for meirkostnader til demografi og pensjon no er høgare. 


Publisert 06.10.2023

Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2024

Statsforvaltaren har i fordelinga av skjønnsmidlar lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av kommunanes overordna økonomiske situasjon. I tillegg har vi vurdert om det er lokale tilhøve som ikkje er varetekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.


Publisert 28.08.2023

Høyanger kommune er innmeldt i Robek

I rekneskapen for 2022 hadde kommunen eit meirforbruk som var større enn tre prosent av driftsinntektene, og skal etter dette meldast inn i Robek-registeret.


Publisert 16.05.2023

Revidert nasjonalbudsjett 2023 og kommuneproposisjonen for 2024

Framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2023 og kommuneopplegget
for 2024 vart lagt fram 11. mai.


Publisert 30.11.2022

Kostra-rapportering for 2022

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2023.


Publisert 19.11.2022

Oppsummering frå samling i økonominettverket 2022

Årets samling i nettverket er gjennomført, og arbeidsutvalget takkar alle innleiarar og deltakarar for ein god og innhaldsrik konferanse.


Publisert 07.11.2022

Kontroll av kommunane sine budsjett og økonomiplanar

Alle kommunestyra skal innan årskiftet vedta eit årsbudsjett for 2023 og ein økonomiplan for 2023 til og med 2026. Etter at vedtaka er gjort, skal budsjett og økonomiplan sendast til Statsforvaltaren for gjennomgang og kontroll.