Plan for implementering av pakkeforløp hjerneslag

Nasjonal plan for implementering av pakkeforløp hjerneslag skal sikre meir effektiv og kvalitativt betre oppfølging og rehabilitering av slagramma.  

Publisert 01.03.2023

For å sikre etterleving av målsettingane i pakkeforløp hjerneslag fase to, har Helsedirektoratet i samarbeid med tenestene utarbeidd ein nasjonal plan for implementering av pakkeforløp hjerneslag – oppfølging og implementering. Tiltaka gjeld pasientforløpet frå slageining tilbake til heimen.

Planen inneheld ulike tiltak, verktøy og sjekklister til bruk i arbeidet. Den inneheld også webinar for å gje spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene meir innsikt og inspirasjon til å ta pakkeforløpet i bruk. Webinara finn du også under "Lenkjer".

Pakkeforløp hjerneslag – fase to

Pakkeforløp hjerneslag er eit standardisert pasientforløp for slagramma. Pakkeforløpet er utvikla for å sikre eit godt organisert, heilskapleg og standardisert pasientforløp, uavhengig av bustad og utan unødvendige forseinkingar. Det byggjer på Nasjonal faglig retningslinje for behandling og rehabilitering av hjerneslag.

Pakkeforløpet i det akutte fasen av hjerneslag er godt implementert. Pakkeforløpet i fase to er meir krevjande. Dette gjeld oppfølging og rehabilitering dei tre første månadene etter utskriving frå slageining, og der både spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta er involvert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.