Kongelege besøk

Oppdatert 05.01.2024

Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Statsforvaltaren har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluere kongeleg besøk i samråd med Det kongelege hoff. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet. 

Presseprogram og akkreditering

Ein viktig del av oppgåva vår er å leggje til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar vi eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkje det kongelege besøket, må søkje om akkreditering. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema på nettsidene til Statsforvaltaren. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.

Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruke pressepool eller fotopool. Det vil seie at nokre få av dei akkrediterte får vere til stades mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når vi brukar pool, følgjer vi Norsk Presseforbunds poolreglement.

Invitasjonar

Arrangørar som ønskjer å invitere medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å sende invitasjonen til Statsforvaltaren i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Statsforvaltaren bringar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.09.2023

H.M. Dronning Sonja til Opera Nordfjord

Den 4. oktober besøker H.M. Dronning Sonja Opera Nordfjord. Presse som ønskjer å dekke besøket, må vere akkreditert hos Statsforvaltaren i Vestland.


Publisert 13.09.2023

Kronprinsen på fylkestur langs Sognefjorden

I løpet av tre septemberdagar (26.–28.) vil H.K.H. Kronprins Haakon besøke Aurland, Lærdal, Sogndal, Høyanger og Solund. 


Publisert 04.06.2021

Kongeparet besøker Flåm, Hyllestad og Florø

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga besøker Vestlandet frå 15. til 17. juni. Kongeparet reiser med Kongeskipet Norge.


Publisert 04.09.2020

Kronprins Haakon til Kinn kommune

Den Høgvørde Kronprinsen besøker dei to neste vekene seks fylke for å lytte til erfaringar og lære om utfordringane folk har møtt under pandemien. Kronprinsen kjem til Florø 16. september med Kongeskipet. 


Publisert 15.01.2020

Kronprinsregenten til byjubileet

H.K.H. Kronprinsregent Haakon er til stades ved åpningsmarkeringa av Bergens 950-årsjubileum laurdag 18. januar. Regenten vil også stå for nyopning ved Bryggens Museum og delta på mottaking i Håkonshallen.


Publisert 28.05.2019

Presseinvitasjon til DD.MM. Kongen og Dronninga sin fylkestur i Hordaland

DD.MM. Kongen og Dronninga besøkjer Hordaland 18.–20. juni 2019. Alle journalistar og fotografar som ønskjer tilgang til besøksstadane, må vere akkrediterte hos Fylkesmannen i Vestland.


Publisert 23.05.2019

H.M. Dronning Sonja deltok på opninga av Festspillene i Bergen

Dronninga deltok i går på Festspillenes opningsseremoni. Det er 33. gongen dronninga legg turen til Bergen i høve festivalen.


Lenkjer