Apostillestempel på dokument

Legalisering er ein formalitet som kan vere nødvendig for at eit dokument utarbeidd av norske styresmakter skal få rettsvirkning i utlandet. Hos Statsforvaltaren kan dokumenta dine få eit apostillestempel, som er ei forenkla legalisering.

Statsforvaltaren legaliserer dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. Dette er lista over land som er parter i Haag-konvensjonen om apostille.

Ved å apostillestemple et dokument stadfestar Statsforvaltaren at:

  1. signaturen til den offentlege funksjonæren er ekte
  2. den offentlege funksjonæren har den stillinga som er oppgitt i dokumentet
  3. stempelet som er påført dokumentet er ekte

Det er berre dokumenter i original, eller rett kopi stadfesta av offentleg styresmakt som kan få apostillestempel. Mange dokument må først ha stadfesting hos notarius publicus før du kan få apostillestempel på dokumentet. Dette gjeld til dømes dokument som er skrivne eller stadfesta av statsautoriserte translatørar. Det same gjeld dokumenter som er skrivne av andre private yrkesutøvarar med autorisasjon frå det offentlege, til dømes advokatar, helsepersonell og revisorar. 

Ei rekke dokument frå offentleg forvalting kan få apostillestempel utan at du må gå via notarius publicus. Dette gjeld til dømes dokument som har løvestempel og signatur frå skattekontor, politi, handelskammer osv. 

For at vi skal kunne apostillestemple eit dokument, må dokumentet ha:

  • namn og tittel til vedkommande som har signert dokumentet, anten med trykte bokstaver eller blokkbokstavar
  • signatur (helst med blå penn)
  • embetsstempelet (som regel løvestempel) til den offentlege instansen som har skrive ut dokumentet

Statsforvaltaren kan ikkje hjelpe til med å omsetje til andre språk, men nokre offentlege instansar gir deg fleirspråklege attestar dersom du ber om det.

Det er Utanriksdepartementet som legaliserer dokument for bruk i alle land som ikkje er part i Haag-konvensjonen om apostille. Dokumenter som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her er det nok med ein notarialstadfesting.

Slik går du fram dersom du treng apostillestempel på eit dokument

Dokument som treng apostille, kan anten sendast til Statsforvaltaren per post eller leverast i resepsjonen. Du kan ikkje bruke e-post, faks eller liknande. Dersom du postlegg dokumenta, ber vi om at du i eit følgeskriv opplyser:

  • kva land dokumenta skal brukast i
  • adressa vi skal bruke når vi sender dokumentet tilbake til deg
  • telefonnummer vi kan nå deg på dersom vi treng å kontakte deg

Ver merksam på at kontoret til Statsforvaltaren på grunn av koronaviruset kan ha avgrensa resepsjonstenester og publikumskontakt. Følg med på nettsida for endringar i opningstida. Vi ber besøkande halde avstand og ta omsyn til gjeldande smittevernregler. 

Vis meir


12.05.2021

Leikanger-kontoret held stengt til 25. mai

Kontoret vårt på Leikanger er stengt frå fredag 14. mai til og med måndag 24. mai, og det vil dessverre ikkje vere mogleg å få apostille i denne perioden. Frå tysdag 25. mai er det igjen mogleg å bestille time til apostille.


12.05.2021

Førde-kontoret held stengt 14. mai

Kontoret vårt i Førde er stengt fredag 14. mai, og det vil derfor ikkje vere mogleg å få apostille denne dagen. Frå tysdag 18. mai er det igjen mogleg å bestille time til apostille. 


24.03.2021

Timebestilling for å få apostille

På grunn av koronasituasjonen er kontora våra stengde for publikum. Det er høve til å bestille time for å få apostille mellom kl. 09.00–14.00.


Apostillestempel

Dokument som treng apostillestempel kan sendast til

Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen

eller

Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger.

Det er også mogleg å få apostillestempel ved oppmøte på ein av kontorstadane våre i Bergen, Leikanger eller Førde. Besøksadresser finn du her.