Erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Frist for å søke om erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt er 1. november 2021.

Publisert 04.10.2021

Alle søknader om erstatning skal sendast inn via elektronisk søknadssenter.

Miljødirektoratet sitt søknadssenter vert opna 10. oktober for innlegging av søknader for beitesesongen i 2021.

Dersom du ikkje har bruka det elektroniske søknadssenteret tidlegare, må du først registrera deg som søkar. Vegvisar ligg på sida til søknadssenteret.

Det elektroniske søknadsskjemaet er enkelt å fylle ut. Kort tid etter at søknaden er lagra, ligg den hos Statsforvaltaren. Svar på søknaden får du med vanleg post eller på e-post.

Erstatningsordninga for tap til rovvilt blir forvalta av Miljødirektoratet og blir behandla hos Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren.

Har du spørsmål til utfylling av søknaden, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren. Dersom du seinare ønsker å endre opplysingar gjeve i ein søknad du har sendt elektronisk, må dette skje skriftleg via postmottaket til Statsforvaltaren: sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Kontakt oss

Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15

E-post
fmveacg@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding