Løyve til peling – Klosterøya i Skien

Steinar Moe Eiendom AS har fått løyve til peling med formål om etabelring av promenade og båtslipp ved Tømmerkaia i Skien.

Publisert 28.09.2021

Statsforvaltaren har behandla søknad om løyve til peling etter forureiningslova. Steinar Moe Eiendom AS søkte 24.1.2019 om løyve til å pele inntil 40 stålkjernepeler innanfor eit areal på 1300 m2 ved Tømmerkaia på Klosterøya, gbnr. 300/5342, 2183, i Skien kommune. Statsforvaltaren har vedtatt å gi løyve på visse vilkår.

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 13. oktober 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding