Kunngjering etter forureiningslova

Løyve Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har gitt etter forureiningslova vert kunngjort her, jf. § 36-18 i forureiningsforskrifta. 

Klagefrist: Tre - 3 veker etter at vedtaket er publisert.


09.07.2021

Løyve til kompostering – Rolf Grohs AS

Verksemda Rolf Grohs AS har fått løyve til kompostering av hestemøkk.


25.06.2021

Løyve til utfylling - Lyngdalen i Kragerø

Olaf Rinde har fått løyve til å fylle ut for å etablere fundament for fellesbrygger.


24.06.2021

Løyve til mudring og utfylling – Voilen og Ullsteinskredene i Tokke

Vestfold og Telemark fylkeskommune har fått løyve til mudring og utfylling for utbedring av veg.


24.06.2021

Løyve til utfylling og peling – Moloveien i Horten

Asko Maritime AS har fått løyve til utfylling og peling for å etablere ny kai for elektriske droneskip.


11.06.2021

Løyve til mudring – Valleveien i Bamble

Ein privatperson har fått løyve til å mudre for å auke seglingsdyp ved privat brygge.


31.05.2021

Mellombels endring av løyve etter forureiningslova for Nel Hydrogen Electrolyser AS

Nel Hydrogen Electrolyser AS på Notodden har søkt, og fått innvilga mellombels endring av løyve etter forureiningslova for fabrikken på Notodden.


07.05.2021

Løyve for Larvik Hamn KF til mudring

Larvik Hamn KF har fått løyve til å mudre for å sikre tilkomst til Nedre Lågen båthamn


19.03.2021

Aaltvedt Betong AS har fått endra løyve etter forureiningslova

Statsforvaltaren har endra løyvet til Aaltvedt Betong AS til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Voldsfjorden industriområde i Skien.


16.03.2021

Grønt Partner AS har fått løyve etter forureiningslova

Statsforvaltaren har gjeve Grønt Partner AS løyve til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Hellenesmoen i Larvik kommune.


08.02.2021

Løyve for DuoZink AS i Sandefjord

Statsforvaltaren har vedteke å gi DuoZink AS løyve til verksemd etter forureiningslova for fabrikken på Borgeskogen i Sandefjord.