Webinar om tilskot frå KlimaSats i 2021

Miljødirektoratet arrangerer eit webinar om Klimasatsordninga for kommunane 8. desember kl 10.00-11.00.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.12.2020

Sidan Klimasats vart etablert av regjeringa i 2016, har Klimasats no støtta over 1300 prosjekt med til saman 900 millionar kroner. I 2020 fekk totalt 24 prosjekt i Vestfold og telemark stønad frå Klimasats, som utgjer over 14 millionar kroner.

Regjeringa har foreslått å vidareføra Klimasats-ordninga i 2021. Miljødirektoratet inviterer derfor til eit webinar med tips og hjelp til moglege søkarar.

Kirvil Stoltenberg, prosjektleiar for Klimasats vil informere om tilskotsordninga, og det vil bli mogleg å stille spørsmål.


På heimesida til Miljødirektoratet finn du meir informasjon og påmelding.

 

Her kan du òg lesa meir om Klimasats-ordninga og sjå ein oversikt over prosjekt som tidlegare har mottatt stønad.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.