Førehandsvarsling - Utbetring av veg Kjønnesvikvatn i Tokke

Vestfold og Telemark fylkeskommune har søkt om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut og mudre, ved Voilen og Ullsteinskredene i Tokke.

Publisert 25.02.2021

Formålet med tiltaket er å utbetre vegen med målsetting om tryggare ferdsel. Vegen skal stadvis leggast på sprengsteinutfylling i Kjønnesvikvatn, for å gjere plass til å føre opp fangvollar for skred mellom fjell og vegen. For å oppnå tilfredsstillande fyllingsstabilitet vil det vere behov for å fjerne lausmasser ned til 2,5 meter ved Ullsteinskredene og 4,5 meter ved Voilen før utfylling. Det er opplyst om at det kan være stadvis behov for å sprenge ned utfyllinga. Det vil bli utført med små røyrladningar under fyllinga.

Omfanget av tiltaka i sjø er estimert til å maksimalt utgjere følgjande:

  • Voilen (gbnr. 126/36)
    • Mudring: 7 000 m2 med et masseuttak på 9 000 m3
    • Utfylling: 20 000 m3 over eit areal på 9 000 m2
  • Ullsteinskredene (gbnr. 126/9)
    • Mudring: 11 000 m2 med masseuttak  på 5 000 m3
    • Utfylling: 25 000 m3 over eit areal på 15 000 m2

 

Det er søkt om å nytte muddermassane til å kle utfyllinga og skredvollen som skal etablerast i prosjektet.  

Mudring skal utførast med gravemaskin frå land, og utfyllinga skal leggast ut frå endetipp. Det skal nyttast siltgardin og partikkelspreiinga skal overvakast med turbiditetsmålar.

Sjøbotnen ved tiltaksområda er blitt analysert for miljøgifter og konsentrasjonar er samanlikna med grenseverdiar i Miljødirektoratets rettleiar M-608|2016. Området ved Voilen har blitt undersøkt i to rundar, der siste prøvetaking viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god). Ullsteinskredene tilsvara konsentrasjonane i sediment tilstandsklasse II (god).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) er det ikkje registrert naturverdiar i nærleik til tiltaksområda. I rapport vedlagt søknaden kjem det fram at områda som skal fyllast ut er vurdert til å fungere som beiteområde for fisk.

 

Eventuelle merknader kan innan 25.03.2021 sendast til
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no