Info om kulturlandskap på Dyrsku'n
Kulturlandskapssenteret har stand og 20-minuttars foredrag kvar dag på Dyrskun - relevant for alle som ynskjer å lære meir slåttemark, naturbeitemark og haustingsskog/styvingstre.
Publisert 05.09.2025
Kulturlandskapssenteret har stand ved låven på Sterke-Nilstunet. Her kan du koma og gå ei artig lita kulturlandskapsløype, og få informasjon om dei verdifulle, gamle kulturmarkstypene.
I år har de desse tilboda:
• 20-minuttars fotoforedrag i Sterke-Nilslåven kl. 16 på fredag og kl. 11 på laurdag og sundag. "Miljøverdiane i kulturlandskapet" ved Ingvill Buen Garnås. Om landskap og naturmangfald knytt til hald av beitedyr, med songar og soger attåt.
• Kort kulturlandskapsløype for store og små, med fine trekkingspremiar!
• Diverse brosjyremateriell og boktips om slåtteenger, naturbeitemarker, styvingstre, stølsliv.
• Hesjer og lauvkjerv på tunet og enkel utstilling på låvetrevet.