Hybridseminar: Landbruksplast i jord og vann
Forum landbruksplast inviterer alle interesserte og engasjerte til eit dagsseminar på tvers av fagfelt og kompetansar onsdag 26. oktober. Vi må jobbe saman for å finne løysingar på plastforureiningar i naturen. Du kan delta fysisk eller digitalt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Alle aktørar frå heile landet er velkomne; frå heile verdikjeda, frå bønder med kunnskap og ekspertise på bruk av plasten, forskarar på mikroplast, dei som jobbar med miljøspørsmål, regelverk, forvaltning, avfallshandtering samt frivillige organisasjonar.
Møt aktørane på seminaret med fokus på tverrfagleg, løysingsorientert gruppearbeid med potensial for oppfølging etter seminaret.
Arrangementet vert haldt i Bioregion Institute sine store, nye lokalar på Laksevåg i Bergen i det som framleis er eit industriområde med utsikt over heile vågen. Det blir god lunsj, kaffi og rikeleg tid til å snakke saman. Om du ikkje kan delta fysisk i Bergen, kan du bli med digitalt.
Seminaret vert organisert i samarbeid med NIVA og EU-prosjektet Papillons.