Ukraina-krigen: Mellombels innkvartering etablert i Sandnes og Haugesund

Det er nok eigna til å forvirra litt, men i Rogaland er det nå etablert mottak for dei som har registrert seg og søkt om beskyttelse – og i tillegg tilbod om mellombels innkvartering for dei som ikkje har kome så langt ennå. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2022, Sist endra 20.03.2022

Hovudregelen er framleis at alle som kryssar grensa til Noreg skal registrera seg ved Nasjonalt ankomstsenter i Råde, men dei som alt er i Rogaland har høve til å registrera seg på Bryne, Karmøy og Stord.

Mottak for dei som alt er registrerte, finst nå i Hå og Stavanger (akuttmottak).

I tillegg er det etablert tilbod om mellombels innkvartering på totalt fem hotell; fire i Sandnes og eitt i Haugesund:

  • Haugesund: Sure Hotel Best Western (tilgjengeleg frå måndag 21. mars)
  • Sandnes: Hotell Sverre, Thon Hotel Sandnes, Kronen Gaard Hotell og Gamlaværket.

Desse innkvarteringsstadene er meint for dei som manglar overnattingsstad før dei har formelt registrert seg hos politiet.

Kva skal ukrainarar som kjem til Rogaland gjera?

Ukrainske borgarar som søker om beskyttelse i Norge, får mellombels kollektiv beskyttelse i eitt år. Dei kontaktar politiet for å søka. I Sør-Vest politidistrikt skjer dette nå på Bryne, Karmøy og Stord. Fleire stader er aktuelle.

Det er ikkje høve til å stikka innom og registrera seg hos politiet (drop-in). Det er to måtar å ordna dette på:

  • Telefon: 489 96 640. Telefontid: 08.00–22.00 kvar dag. Eller: 
  • I sørfylket: Uregistrerte kan henvenda seg på Hotell Sverre, Storgata 45 i Sandnes, for melda ankomst. Dei blir deretter kontakta av politiet for registrering.
  • I nordfylket: Uregistrerte kan henvenda seg på Haugesund politistasjon, Smedasundet 50 i Haugesund, for melda ankomst. Dei blir deretter kontakta av politiet for registrering.

Kven har ansvar for kva?

  • Politiet: Registrerer søknader om asyl
  • UDI: Inngår avtalar om innkvartering i ulike mottakssenter
  • IMDi: Koordinerer busettings- og integreringsarbeid
  • Kommunane: Gir tenester til dei som bur i mottak/akuttinnkvartering og buset og integrerer flyktningar etter avtale med IMDi.
  • Statsforvaltaren: Bindeledd som koordinerer og samordnar mellom kommunane, beredskapsaktørar og sentrale styresmakter.

Regjeringa frårår privat henting av flyktningar til Noreg

I går gjorde regjeringa det kjent at 5 250 ukrainske flyktningar skal hentast til Noreg. Samtidig åtvarar regjeringa mot å henta flyktningar privat. Ein risikerer å ta med folk som ikkje vil oss vel, dessutan er det vanskeleg for flyktningane å vita kven som er gode hjelparar og kven som berre vil utnytta menneske i ein sårbar situasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.