Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik seier det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Generelt har dei lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.

Publisert 01.03.2022

(Artikkelen er kopiert ifrå Statsforvaltaren i Vestland, mens biletet er frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik).

Mange lurer på om dei på grunn av krigen i Ukraina bør skaffe seg jodtablettar, og om det kan verte nødvendig å ta slike tablettar her i Noreg.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier i si vurdering at situasjonen i Ukraina er svært ustabil. Landet har fire kjernekraftverk, og sjølv om det per no ikkje har skjedd utslepp, er det eit potensiale for at det kan skje.

Jodtabletter ved atomulukker (Jodix) må ikkje forvekslast med kosttilskot med jod. Treng du dagleg kosttilskot med jod, f.eks ved graviditet, spør på apoteket etter dette.

 

Information in English and other languages click here

Lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg på grunn av situasjonen i Ukraina

Viss det skulle skje ei alvorleg atomulukke på eit av kjernekraftverka i Ukraina, og vinden blæs mot Noreg, kan det kome radioaktivt nedfall over norske område. DSA seier at den store geografiske avstanden gjer det svært lite sannsynleg at det vert nødvendig å ta jodtablettar i Noreg. Ei ulykke kan likevel gjere det nødvendig for kriseutvalet for atomberedskap å setje i verk tiltak for å verne helse-, miljø- og samfunnsinteresser. Det mest aktuelle tiltaket vil vere å oppmode folk om å halde seg inne og lukke dører og vindauge.

Les meir om DSAs vurderingar og informasjon om krigen i Ukraina, atomtryggleik og jodtablettar her

Les meir om jodtablettar ved atomulukker her.

Generelt råd om heimelagring av jodtablettar for alle under 40 år

DSA tilrår alltid at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime. Den viktigaste årsaka til rådet er at reaktordrivne utbåtar og isbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Viss det skulle skje eit alvorleg uhell med ein av dei, kan det verte aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar.

Korleis skaffe jodtablettar?

Kommunane har i stor grad lager av tablettar til å dekke barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Kommunen bestemmer sjølv korleis den vel å løyse det praktiske med omsyn til lagring og oppbevaring.

Jodtablettar kan kjøpast på apotek. Gjennom media har vi fått informasjon om at det dei siste dagane har vore mangel på tablettar i apoteka. DSA seier at det dei komande dagane vert sendt ut store mengder tablettar til grossistar og apotek.

Når skal jodtablettar takast?

Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil det m.a. kome råd via media og nettsidene til DSA.

Haldbarheit for jodtablettar

Som andre medikament, er òg jodtablettar forsynt med ei stempling av utløpsdato. DSA seier at verkestoffet er eit stabilt salt, og at tablettane kan brukast sjølv om det er gått lang tid etter datostemplinga .

Kven skal ta jodtablettar?

Dersom vi skulle få ein situasjon der Kriseutvalet for atomberedskap gir råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelde for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Om atomberedskapen i Noreg

Du kan lese meir om atomberedskap her, og organiseringa av den her

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap er ansvarlege for, og har fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal sørge for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setje i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap.

Information in English and other languages

DSA (Norwegian Radiation and Nuclear Safety Authority) says that there is a low probability for the need to take iodine tablets in Norway in case of a nuclear accident in Ukraine. They do however always recommend that everyone under the age of 40 keep iodine tablets stored in their own home.

General information about taking iodine tablets in case of a nuclear accident is available in different languages here

You can find more information in English about Nuclear and Radiological preparedness in Norway here

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.