Uttale til Klepp kommuneplan 2014 - 2025

Fylkesmannen gir Klepp ros for at kommunen i hovudsak følgjer opp Regionalplan Jæren og statlege føringar for samordna areal- og transportplanlegging ved å prioritere hovuddelen av by- og tettstadutvikling langs kollektivaksar. Fylkesmannen meiner likevel planlagd årleg folketalsvekst på 2,5 % ikkje er i tråd med dei regionale måla om å prioritere hovudmengda av bustadbygging i bybandet Stavanger-Sandnes og utbygging i Sandnes aust.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2014

Korleis styra og handtere veksten er ei hovudutfordring for regionen vår, særleg på Jæren. Fylkesmannen meiner ein vekst kring 1,5 % i Klepp vil vere i tråd med regionale mål og gi meir økonomisk berekraftig tenesteutvikling i kommunen.  

Samfunnsdelen i Klepp kommune sin kommuneplan gir eit godt oversyn over utviklinga og utfordringar i kommunen, men manglar handlingsdel og er for lite konkret på mål, prioriteringar og satsingsområde.  

Klepp kommune sin visjon for kommuneplanen «Barna vår framtid» er eit godt grunnlag for å ha fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår. Fylkesmannen har og eit eige satsingsområde på dette: «Sjumilsteget – betre oppvekst i Rogaland».  

Fylkesmannen har nokre få motsegner og faglege råd til planen, og ser fram til god dialog med kommunen for å finne løysingar på desse.  

OPPSUMMERING MERKNADER OG VIDARE PROSESS:  

Motsegner:  

•          Område nr. 10 – reiselivsanlegg Pollestad

•          Område nr. 16 – bustadområde Nordlysvegen

•          Område nr. 22 – næringsområde Voll

•          Område 24, 26, 27, 28 – fritidsbustader Sele sørvest

•          Område nr. 30 – forretning Verdalen

•          Generell motsegn til føresegner/retningsliner

•          Område nr 31 – Turveg Figgjo elva og nytt område for barnehage v/Kleppstemmen, på grunn av   manglande lovbestemt krav om konsekvensutgreiing.   

Faglege råd 

•          Vise langsiktig grense landbruk på Voll

•          Klimapåslag handtering overvatn  

Dialogmøte

Det er avtalt administrativt dialogmøte om planen mellom Klepp kommune og Fylkesmannen allereie den 16.mai.  

Fylkesmannen har i følgje statleg samordningsprosjekt for motsegner og faglege råd, utarbeida statleg samordna uttale til høyringa av kommuneplan Klepp. Avinor har fremma motsegn til manglande ivaretaking av høgde- og byggerestriksjonar heimla i forskrift til luftfartslova gjennom omsynssone og føresegner/retningsliner.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.