Språk i regionale statsetatar i Rogaland

Fleirtalsspråket i Rogaland er nøytralt frå 1. januar 2020. Statsetatar med Rogaland fylke som ansvarsområde, kan dermed bruka både nynorsk og bokmål som tenestespråk. Dette gjeld mellom anna for nettstaden til Statsforvaltaren i Rogaland.
Dermed finn du tekstar på både nynorsk og bokmål på nettsida vår.
Med tenestespråk meiner ein det språket ein nyttar til dømes i fellesskriv til kommunane eller i anna informasjonsmateriell.
Dei fleste kommunane med språkvedtak krev nynorsk, men...
Under halvparten av kommunane i Rogaland har fatta eit språkvedtak der dei krev bokmål eller nynorsk i kommunikasjonen med statlege styresmakter. Dette er avgjerande for at Rogaland er eit språknøytralt fylke etter reglane i språklova:
"Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt".
I Rogaland har 10 av 23 kommunar fatta språkvedtak om enten nynorsk (åtte kommunar) eller bokmål (to kommunar) i statleg korrespondanse. 13 kommunar (fleirtalet) er nøytrale. Dermed er Rogaland eit nøytralt fylke.
Kommune | Målvedtak |
1101 Eigersund | Bokmål |
1103 Stavanger | Nøytral |
1106 Haugesund | Bokmål |
1108 Sandnes | Nøytral |
1111 Sokndal | Nøytral |
1112 Lund | Nøytral |
1114 Bjerkreim | Nynorsk |
1119 Hå | Nøytral |
1120 Klepp | Nynorsk |
1121 Time | Nynorsk |
1122 Gjesdal | Nøytral |
1124 Sola | Nøytral |
1127 Randaberg | Nøytral |
1130 Strand | Nøytral |
1133 Hjelmeland | Nynorsk |
1134 Suldal | Nynorsk |
1135 Sauda | Nynorsk |
1144 Kvitsøy | Nøytral |
1145 Bokn | Nynorsk |
1145 Tysvær | Nøytral |
1149 Karmøy | Nøytral |
1151 Utsira | Nøytral |
1160 Vindafjord | Nynorsk |
Rogaland fylkeskommune er nøytral.
Administrativ målform i kommunane
Det er viktig å vera merksam på at kommunen står fritt til å velja administrativt språk, sjølv etter eit vedtak etter språklova. Eit språkvedtak seier berre kva språk dei statlege etatane skal nytta i kommunikasjonen med kommunen.
Døme
- Hjelmeland kommune har gjort språkvedtak etter språklova og valde nynorsk.
- Brev frå oss, og andre statlege etatar, skal derfor skrivast på nynorsk.
- Kommunen avgjer sjølv kva språk ein bruker i saksbehandling og innbyggardialog.
- Språklova regulerer ikkje kva språk det skal undervisast i på skulen. Dette bestemmer kommunen.
Oversikt over målformer i kommunane i Rogaland (språkvedtaksforskrifta)