Rovvilt

Oppdatert 08.04.2024

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


Publisert 07.06.2024

Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr

Årets beitesesong er i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.


Publisert 28.06.2023

Ekstra midlar til skadefelling av rovdyr i 2023

Stortinget vedtok den 16.06.2023 å gi bevilling om 11 millionar kroner ekstra til skadefelling av rovdyr i revidert nasjonalbudsjett. Me syner til pressemeldinga frå Klima- og miljødepartementet.


Publisert 22.06.2023

Kontaktpersonar ved dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr

Årets beitesesong er straks i gang. Statens naturoppsyn (SNO) har eit landsdekkande nettverk av 12 regionalt rovviltansvarlege. Nedanfor finn du liste med namn og telefonnummer over kontaktpersonar i Rogaland.


Publisert 02.02.2022

Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2022

Rovviltnemnda har i møte 07.12.2021 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2022.


Publisert 07.10.2021

Lisensfelling av jerv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1.


Publisert 25.02.2021

DNA – eit av dei viktigaste verktøya for overvaking av store rovdyr

Arvestoffet DNA er nytta til overvaking av store rovdyr og kongeørn i Norge. Men korleis finn ein DNA frå desse dyra? Og kva for ein informasjon kan hentast ut frå DNA? Og korleis vert denne kunnskapen nytta?


Publisert 16.12.2020

Erstatning i 2020 for tap av husdyr til freda rovvilt i Rogaland

I Rogaland er det generelt låge tap/skadar på husdyr der freda rovvilt er skadegjerar. I beitesesongen 2020 var det noko meir tap/skadar enn i eit normalår. Totalt er det i Rogaland utbetalt kr. 357 319,- i erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2020.


Publisert 19.11.2020

Kvotefri gaupejakt i region 1 for 2021

Rovviltnemnda har i møte 16.11.2020 vedteke kvotefri gaupejakt for heile region 1 i 2021.


Publisert 19.10.2020

1 ulv felt på skadefelling i Lund

Fredag 16. oktober vart ein ulv felt på skadefelling ved Moi i Lund kommune. Fellinga vart utført av det interkommunale skadefellingslaget i Rogaland i henhald til skadefellingsløyve gitt av Fylkesmannen i Rogaland.


Publisert 13.10.2020

Søknad om erstatning for tap av husdyr til freda rovvilt i 2020

Fristen for å søke erstatning for skadar på og/eller tap av husdyr er 1. november. Søknaden skal sendast gjennom Elektronisk søknadssenter. Oppdaterte besetningslister må følgje med søknaden.