Cathrine Stabel Eltervåg blir ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland
Eltervåg overtar etter Marit Sundsvik Bendixen som går av med pensjon ved årsskiftet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Cathrine Stabel Eltervåg vann fram i konkurranse med fleire gode kandidatar. Ho er i dag assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland.
– Omgjengeleg person med leiarerfaring
Eltervåg har jobba hos Statsforvaltaren i Rogaland sidan 2011. Ho er 42 år, gift, har to ungar på sju og ti år – og bur på Storhaug i Stavanger, men er frå Sandnes. Statsforvaltar Bent Høie er glad for at ho takka ja til stillinga:
– Ho har ein solid fagleg bakgrunn på natur- og miljøområdet – og lang og brei erfaring frå feltet. I rolla som assisterande fylkesmiljøvernsjef har ho også fått leiarerfaring og blitt godt kjent med avdelinga og statsforvaltarembetet. Ho er dessutan ein omgjengeleg person som kjem til å visa igjen i den viktige miljø- og naturomstillinga som Rogaland er inne i, seier Høie.
– Midt i smørauget
Cathrine Stabel Eltervåg er utdanna marinbiolog, men har også tatt praktisk-pedagogisk utdanning og jobba som lærar før ho kom til Statsforvaltaren i Rogaland for tretten år sidan. Når ein er opptatt av natur og miljø, er det vanskeleg å sjå føre seg ein meir interessant plass å jobba enn i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren, seier ho:
– Eg er jo midt i smørauget! Her er me i ein posisjon til å kunna påverka, få gjort noko med det me meiner er viktig. Jobben vår betyr noko for natur og miljø. Derfor er det lett å motivera og engasjera seg. Det kan vera hektisk, det står aldri stille, men eg synest det er veldig givande.
Ho tar formelt til i jobben 1. januar 2025.