Naturarven - kartlegging av insekt i Sokndal

Insektfeller på Rekeland i Sokndal
Insektfeller på Rekeland i Sokndal Foto: Jarl S. Birkeland / SABIMA.

Det er stor global merksemd på skremmande tap av insektslivet. I Noreg har vi truleg ikkje like store tap av dei livsviktige insekta som i nokre andre land. Insekta er særs viktige for at økosystema skal fungere godt, til dømes for omsetting av avfall og næring, plantebestøving og fugleliv, og sjølvsagt for landbruksproduksjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2020

Heldigvis har det dei seinare år vore sterkt aukande kartleggingsaktivitet av kva artar vi eigentlig har i landet, kva naturtypar som viktige for insekt, og bruk av virkemiddel for å ta vare på biotopar for rikt insektsliv, både i naturtypar og kulturlandskapet.

I utvalde område i Sokndal har Jarl S. Birkeland kartlagt insektsfauna og funne mange artar av stor interesse. Rapporten har fått støtte frå Sabima og andre gode hjelparar.

Les rapporten i dokumentlenka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.