Ikkje lenger avkorting i produksjonstilskotet for manglande gjødslingsplan
Ny gjødselbrukforskrift er på plass. Frå og med 2026 skal ikkje kommunane avkorta produksjonstilskotet dersom føretaket manglar eller har ein mangelfull gjødslingsplan. For søknadar om regionalt miljøtilskot er det derimot framleis eit vilkår at føretaket har ein gjødslingsplan, og kommunen skal avkorta tilskotet dersom denne manglar eller er mangelfull.
Fram til no har forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i landbruket slått fast at dersom eit føretak ikkje har gjødslingsplan, eller dersom denne planen er mangelfull, skal kommunen gjera eit trekk i tilskotet. Føringa i rundskrivet har vore at 20 % av areal- og kulturlandskapstilskotet skal avkortast dersom føretaket ikkje har ein slik plan.
På same måte har forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket for Rogaland slått fast at heile eller delar av tilskotet kan avkortast dersom bestemmingane om gjødslingsplan er følgt.
Det skal ikkje lenger trekkast i produksjonstilskot for manglande/mangelfull gjødslingsplan
Forarbeida til den nye gjødselbrukforskrifta slår fast at bestemminga om avkorting i regelverket for produksjonstilskot ikkje blir vidareført frå og med søknadsåret 2026. Brot på gjødselbrukforskrifta skal følgjast opp av kommunen, og verkemidla i gjødselbruksforskrifta skal nyttast.
I tillegg til å følgja opp brot på gjødselbrukforskrifta medei tiltaka forskrifta gir høve til, kan dei mest alvorlege sakane følgjast opp med ein reaksjon etter forskrift om produksjonstilskot § 11. Nytt rundskriv til forskrift om produksjonstilskot (rundskriv 2026/3) slår fast følgjande:
"Ved alvorlige brudd på gjødselbrukforskriften, kan det være aktuelt å vurdere avkorting etter § 11 første ledd (brudd på annet regelverk). Dette gjelder først og fremst regelverksbrudd av særlig alvorlighetsgrad, der det er viktig å markere at den lovstridige driften ikke støttes. En manglende eller mangelfull gjødselplan utgjør ikke et alvorlig brudd på gjødselbrukforskriften».
Det skal framleis trekkast i regionalt miljøtilskot for manglande/mangelfull gjødslingsplan
Dersom eit føretak søkjer om regionalt miljøtilskot (RMP), skal kommunen framleis avkorta dette tilskotet dersom føretaket manglar eller har ein mangelfull gjødslingsplan. Det vil seie at praksisen som har vore, blir vidareført når det gjeld regionalt miljøtilskot.
Årsaka til at bestemminga om avkorting blir vidareført når det gjeld regionalt miljøtilskot, er at denne ordninga er spesielt retta mot å fremma miljøgoder og redusera forureining. Ein gjødslingsplan er eit viktig element i miljøforsvarleg drift. Det vil ikkje vera rimeleg å gi tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel utan at søkjar kan visa til at han/ho ikkje har ein gjødslinsplan.