No kjem pengane!

Denne veka blir produksjonstilskotet og avløysartilskotet for søknaden i 2017 utbetalt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2018

Tilskota blir no utbetalt ein gong i året. Det er tilskotet for dyretal og areal som det blei søkt på i mai og oktober 2017 som no kjem til utbetaling.

Vedtaksbrev

Den som mottek tilskotet vil få eit vedtaksbrev (tilskotsbrev) i meldingsboksen i Altinn. Det blir sendt ut SMS og/eller e-post om at tilskotsbrevet er lagt i Altinn. Du bør gå inn i Altinn for å sjå på brevet for å kontrollere om utbetalinga er rett.

Du kan klage på vedtaket innan tre veker etter at du har fått vedtaksbrevet i Altinn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.