Dispensasjon frå fristen for å søkja om produksjons- og avløysartilskot

Sau på beite. Foto: Birgit S. Hagalid.

Kvart år får Statsforvaltaren søknader om dispensasjon frå fristane for å søkja om produksjons- og avløysartilskot. Dispensasjon kan berre gis i heilt spesielle tilfelle, og svært få av dei som søkjer får dispensasjon. Nokre av dei som gløymer fristane går glipp av mykje tilskot.

Publisert 24.02.2026

Frist for å søkja om produksjonstilskot er 15. mars og 15. oktober. Avløysartilskot søkjer ein berre om i oktobersøknaden. I tillegg kan nokre opplysningar registrerast innan 10. januar året etter – til dømes avløysarutgifter ein har hatt etter oktober og dyr sanka frå beite.

Det er mogleg å søkja om dispensasjon frå desse fristane, og det er Statsforvaltaren som skal behandla søknader om dispensasjon.

Terskelen for å gi dispensasjon ligg høgt

Dispensasjon kan berre gis i det regelverket kallar «særlege tilfelle». Det skal vera ein spesiell, forbigåande årsak utanfor føretaket sin kontroll som er årsaka til at føretaket ikkje fekk søkt innan fristen. Alvorleg sjukdom kan vera ein slik grunn. Regelverket seier at moglegheita til å gi dispensasjon er ein sikkerheitsventil, og berre skal nyttast i heilt spesielle situasjonar.

Ikkje gløym fristen for å etterregistrera opplysningar i januar!

Dei fleste søknadene om dispensasjon Statsforvaltaren får er søknader om dispensasjon frå etterregistreringsfristen 10. januar for dei resterande avløysarutgiftene – fleire av dei frå gardbrukarar som rett og slett har gløymt fristen.

I 2025 fekk Statsforvaltaren totalt ti søknadar om dispensasjon frå regelverket for produksjons- og avløysartilskot – alle sakane gjaldt registrering av avløysarutgifter innan etterregistreringsfristen 10. januar, med ymse grunngjevingar. Berre to av søknadane blei innvilga.   

Konsekvensar

Konsekvensane av å ikkje søkja om tilskot innan fristane i mars og oktober, eller ikkje registrera opplysningar innan etterregistreringsfristen i januar, er altså at ein mister tilskot i dei aller fleste sakene. I nokre tilfelle kan gardbrukaren gå glipp av mykje pengar. Regelverket er tydeleg på at økonomiske konsekvensar av å ikkje søkja i tide ikkje i seg sjølv er ei grunn for å få innvilga dispensasjon.

Viktig for søkjarane

  • Legg inn varsel om søknadsfristane i kalenderen din
  • Kryss av på at du ønskjer ei påminning om etterregistreringfristen i søknadssystemet
  • Ikkje vent til siste kveld med å søkja – ting kan skje!
  • Dersom du likevel sit siste kvelden og fyller ut søknaden – skriv ein e-post til landbrukskontoret med ein gong dersom du opplev problem med å logga inn eller liknande. E-posten må vera sendt før fristen går ut – ikkje dagen etterpå!
  • Alltid sjekk kvitteringa du får etter at du har sendt inn søknad eller etterregistrert opplysningar – sjekk at alt er med!

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.