Suldal har fått ridekatedral i tre

Ridekatedral med spenn på 25 meter- foto Mina Lunde

På Lunde i Suldal er det nyleg bygd ny ridehall med kortreist tømmer frå Vikedal. Byggemetoden som er brukt er sjeldan, her finn vi over 50 takstolar med spenn på 25 meter. Det er fortent og gledeleg at Mina og Njål Lunde fekk nybyggprisen 2022 i Suldal for dette flotte bygget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2022

Suldal kommune har framheva at vinnarane med denne spesielle konstruksjonen har vist vilje til nytenking. Dei har tenkt miljøvennleg ved bruk av tre. Det er også framheva at kommunen har fått ein eineståande innadørsarena med fleire bruksområde.

Unikt bygg

Ridehallen er 25 meter brei og om lag 52 meter lang, til saman 1300 m2. Hallen er bygd av tømmerstokkar rett frå skogen. Tore Birkeland Hundseid frå Vikedal har bygd ridehallen for Mina og Njål Lunde i Suldal. Hundseid er ein utviklar som jobbar for betre løysningar i landbruket. Målet er å kunne vidareutvikle byggemetoden til alle typar bygg i landbruket. Situasjonen i verden i dag, med auka energi- og materialprisar, gjer det nyttigare enn nokon gang å nytte lokalt tømmer til bygg. Hundseid tenkjer vidare at utbyggjarar med landbrukseigedommar og skog kan få inn ein stor del av eigeninnsatsen sin ved å bruke eiget tømmer etter hans metodar. Dette kan bli viktig for å få opp byggjeaktiviteten, særleg i landbruket. 

Ridekatedral i tre Suldal.jpg

Fleire omsyn talar for bygg i tre

Hallen på Lunde eit estetisk flott bygg, og skal vere enkelt å vedlikehalde. Ved å bruke tre som byggemateriale, er det ikkje berre ekstra tilskotsatsar som kan freiste. Tre har god isoleringsgrad og termiske eigenskapar som passar godt for folk og dyr. Det kan gi sparte kostnader til isolasjon. Under kalde periodar gir trebygg isolerande effekt, og på varme sommardagar kjølande effekt.

Trekonstruksjon gir triveleg innemiljø.jpg

Vi vil også framheve at trebygg har den gode eigenskapen at det fungerer som ein CO₂-bank. Skogen bind CO₂, og når det blir sett opp nye bygg i tre kan ny skog plantast for å fange opp enda meir CO₂. Det blir lagra 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter konstruksjonsvirke i bygget si levetid. Når tre erstattar mindre miljøvenlege materialar blir utsleppa redusert med 0,8 tonn CO₂ per kubikkmeter. Samla gevinst ved bruk av tre er 1,6 tonn CO₂ per kubikkmeter. 

Verd å sjå

Dette flotte bygget fortener merksemd både på grunn av konstruksjonen og bruk av tre, men også fordi det er eit godt døme på ein familie som satsar og investerer med fokus på barn og unge. Vi håpar bygget lokkar folk til å ta ein tur til Suldal for å sjå på eit flott alternativ til dei tradisjonelle betongbygga, og kanskje få ein tur på hesten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.