Tema: Skog og klima

Skogen og skogbruket i Noreg har ein sentral rolle i klimasamanheng. Jamfør tilrådingar frå FN sitt klimapanel satsar Noreg på skogen som verkemiddel for å redusere mengda klimagassar i atmosfæren. Samstundes må me forberede oss på komande klimaendringar gjennom klimatilpassing i skogen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2020, Sist endra 20.07.2021

Skogbruk som klimatiltak

Så lenge skogen veks bind den karbon, og dette gjer skogen til eit viktig verkemiddel for å redusere mengda karbon i atmosfæren.

Skog og treprodukter kan bidra på fleire måtar: Ved karbonlagring i ståande skog, ved karbonlagring i bygningsmateriale, substitusjonseffekt ved at tre
erstattar fossibaserte byggematerialer, og ved bruk av tre til energiproduksjon gjennom bioenergi.

Skogen kan bidra til klimagassreduksjon to gonger; fyrst ved å binde karbon og dernest ved å hindre nye karbonutslepp ved å erstatte fossilbaserte produkt. 

Tilskotsordningar for auka CO2-opptak i skog

Det finst fleire tilskotsordningar med føremål å intensivera skogproduksjonen og dermed ta opp meir karbon frå atmosfæren. Ordningane er forankra i Klimaforliket og omtalt i Stortingsmelding Meld. St. 41 - Klimastrategi for 2030.

Tilskot til tettare skogplanting som klimatiltak: Ordninga omfattar både tettar planting ved planting etter hogst og suppleringsplanting. Kommunen er vedtaksmynde og mottek, behandlar og tildeler tilskot.

Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak: Gjødsling av skog gir auka opptak av CO2 gjennom auka tilvekst i skogen. Kommunen er vedtaksmynde og mottek, behandlar og tildeler tilskot.

Det står meir om tilskotordningane på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Planting av skog på nye areal som klimatiltak

Rogaland var i frå 2015 til 2018 eitt av tre fylke som var med på pilotfasen i prosjektet «Planting av skog på nye areal som klimatiltak» og fekk tilskot til planting. Føremålet med pilotfasen var å hauste erfaring med blant anna klimaeffekten, miljøkriterier og gjennomføring.

Klimatilpassing i skog

Fram mot 2100 vil me få eit varmare klima med meir nedbør, kortare snøsesong, endra flommønster og stigande havnivå. Klimatilpassing inneberer å forberede seg på endringane ved sette i verk tiltak for både å hindra eller redusera skade, og utnytta moglegheitene som endringane kan innebera. Miljødirektoratet har eigne informasjonssider om klimatilpasning.

Rapporten «Overordnet analyse av konsekvenser av klimaendringer på natur og samfunn i Rogaland» beskriv kva klimaendringane vil innebera for Rogaland. Me vil få ein lenger vekstsesong som legg til rette for auka skogproduksjon og opptak av karbon. Samtidig gir klimaendringane større risiko for skader på skogen ved storm, vindfelling, angrep frå insekt og sjukdommar, tørke og skogbrann. Vintersesongen blir kortare noko som kan gjere det vanskelegare å driva hogst.

Skogen regulerar klimaet og beskyttar mot ekstremver ved å ta opp vatn, verne mot ras og vind. Gjennom eit aktivt skogbruk og kunnskapsbasert forvaltning har me moglegheit til å medverke til at skogen sin regulerande funksjon blir utvikla og tilpassa klimaet i framtida. Klimatilpassing i skogbruket handlar om å pleie skogen slik at den er vital og toler variasjon i ver, klima og angrep frå skadegjerarar.

Det kan omfatte:

  • Målretta bruk av vernskog og vernskoggrensene
  • Riktig bruk av plantemateriale tilpassa regionen, klimaet i framtida og ein lenger vekstsesong
  • Pleie av skogen for god vitalitet, resiliens og motstand mot skadegjerarar og storm
  • Eit utbygd vegnett som er tilpassa klimaendringane og som gir oss tilgong på produktive skogområde der ein treng å gjere tiltak for å førebygga eller rydde opp etter skader, eksempelvis vindfall.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.