Skogen viktig i klimakampen

Spesialrapporten frå FNs klimapanel som blei presentert 8. august, byggjer på 7000 vitskaplege publikasjonar og over 28 000 kommentarar frå ekspertar og styresmakter. Skogtiltaka blir igjen peika på som ein viktig del av løysinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2019

Rapporten har vurdert ei rekkje scenario med ulike temperaturmål. Bruken av landareala har stor innverknad på klima. Alle scenarioa krev klimatiltak som må utnytte store landareal for å unngå for stor temperaturauke, og i enkelte scenario er det snakk om ein auke/endring i skogarealet tilsvarande landarealet i Mexico og USA til saman.  

For skogområde vil sentrale tiltak vere redusert avskoging, påskoging av tidlegare skogsmark og nye areal, og auka bruk av tre til blant anna bioenergi. Produksjon av bioenergi med karbonfangst og lagring -bio CCS blir også trekt fram som eit aktuelt tiltak.

Våre landareal bidreg med både utslepp og opptak av klimagassar. Gjennom klok og berekraftig bruk av landareal til klimatiltak, vil skogen og utnytting av skogressursane vere viktige bidrag for å nå klimamåla i Parisavtalen. All biomasse frå skogen vil vere interessant for utnytting når vi etter kvart må bytte ut svart karbon med grønt/fornybare ressursar.

Du finn rapporten og meir info på heimesida til Miljødirektoratet

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.