Økonomisk gevinst med skogfond
Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs var tydeleg på at det potensielt er gode økonomiske gevinstar å henta med riktige investeringar i skogfond under webinaret «Økonomisk gevinst med skogfond». God planlegging av dei framtidige investeringane på eigedomen din er nøkkelen for å utnytte fordelane med skogfond best mogleg.
Kva er skogfond?
Skogfond er ein ordning som sikrar at det blir gjort investeringar i ny skog, altså at foryngingsplikta blir oppfylt og at skogeigar sørger for god oppfølging av plantefelta. Samtidig gir skogfond gunstige skattefordelar ved å nytte skogfondet. Skogfondskontoen tilhøyrar eigendommen, og oppdrettas automatisk når det gjennomførast tømmersal frå eigendomen. Skogeigar kan setta av ein valfri sats 4 - 40 prosent av virkets bruttoverdi.
Kva tiltak kan skogfond brukast til?
Skogfond kan nyttast til svært mange forskjellege tiltak i skogen, og regionale forskjellar i miljø og klima gjer at det er store forskjellar mellom fylker for kva tiltak som er aktuelt å bruke skogfond på. Bjørn Helge Bjørnstad forklarte at planting/forynging har ekstra prioritet når det gjeld bruk at skogfond til investeringar. Det vil seie at kommunen kan seie nei til å bruke skogfond til for eksempel bygging av skogsbilveg før foryngingsplikta er oppfylt, med mindre det er sett av nok pengar i skogfondet til å kunne dekka begge delar.
Her er nokre eksemplar på kva skogfond kan brukast til:
- Foryngelsestiltak som markberedning, klargjøring av plantefelt, vegetasjonskontroll, planting, såing, supplering, etablering av juletrefelt
- Ungskogpleie
- Sprøyting
- Stammekvisting
- Grøfting
- Gjødsling
- Tynning
- Skogsveger og velteplassar (Nybygging, vedlikehold og ombygging)
- Skadeforebyggende tiltak
- Skogbruksplanlegging med miljøregistrering
- Kurs og kompetanseheving
Skogkurs sin rettleiar om skogfond ligg som vedlegg om du ynskjer meir info om skogfond.
Framtidige webinarer
Dette var det første i en serie på fire webinarer for skogeigarar og andre skoginteresserte. Neste moglegheit kjem den 11.februar då temaet vil vere planting. Informasjon og påmelding finn du på ved å følgje denne linken.