Geir Skadberg er ny landbruksdirektør

La oss berre slå det fast med ein gong på ein dag som dette. Dette er ikkje ein aprilspøk. Frå 1. april er Geir Skadberg ny landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2016

Som assisterande landbruksdirektør har Skadberg vore konstituert i stillinga etter at forgjengaren Hadle Nevøy pensjonerte seg i vinter. Skadberg var ein av dei seks som søkte jobben – og det var han som til slutt trekte det lengste strået i tilsetjingsprosessen.

Heile yrkeslivet i landbruket

Landbruksdirektøren har ansvaret for landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland, eit fagmiljø som skal medverka til gjennomføring av nasjonal landbruks- og matpolitikk på ein måte som passar i Rogaland. Avdelinga driv både forvaltning, næringsutvikling, rettleiing og kontroll – og er eit kompetansesenter for kommunane på landbruksområdet.

Då er det viktig å kjenna næringa. Sjølv har Geir Skadberg alltid hatt ein jobb tilknytt landbruket. Lengst fartstid har han frå TINE, først i Møre og Romsdal og deretter i Rogaland. Frå TINE bar det til arbeid med næringsutvikling hos Fylkesmannen i Rogaland. Deretter gjekk turen til Innovasjon Norge der han hadde ansvar for reiseliv og landbruk. Så blei behovet for å arbeida i landbruksforvaltninga såpass sterkt, at det bar tilbake til Fylkesmannen. Først som assisterande landbruksdirektør – og nå altså som landbruksdirektør. Den 54 år gamle siddisen er sivilagronom og har vidareutdanna seg innan både organisasjon- og økonomifag. Ein god ballast å ha med seg i den nye jobben, håper han.

– Eg trur eg vil lika det

– Dersom du liker å stå i spenningsfeltet mellom den nasjonale landbrukspolitikken, lokal- og regionalpolitikken, landbruksforvaltninga og dei verdiskapande landbruksnæringane, er landbruksdirektørjobben rette staden. Og eg trur eg vil lika det. I dette ligg også at stillinga gir høve til å vera med og vidareutvikla landbruksnæringane – kanskje først og fremst gjennom dialog og samarbeid med alle relevante aktørar, seier Skadberg.

Landbruksdirektøren påpeiker at landbrukspolitikken i hovudsak er næringspolitikken for landbrukssektoren, med heilt klare føresetnader for å blir realisert; bønder som vil produsera, ein industri som vil foredla og ein marknad som vil konsumera. Med jordbruksareala som botnplanken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.